Valprogram for bygdelista

I innspurten med å lage til eit innbydande og informativt valprogram for bygdelista kom meldinga: “Programmet må vera klart til torsdag ettermiddag, for då skal vi ha pakkedugnad på kommunehuset. Formannskapet har sagt dei dekker kostnadene med å sende alle listeprogramma ut til husstandane i heile kommunen”.

Ja, så vart det ikkje så mykje tid til finpuss, men denne gongen vart det i alle fall i fargar! Innhaldet spegler grunntanken til bygdelista, nemleg at visjonen om Vindafjord som ein kommune med ni levande bygder må omsetjast i praktisk politikk. Utan pengesterk sentralorganisasjon med sans for å bruke pengar på proffe designarar vart det eit heimeprodusert program, men voneleg er det innhaldet som tel.

Programmet for Bjoa bygdeliste kan du laste ned som PDF ved å klikke her: Valprogram 2011.
(For å lese PDF-filer treng du programmet Adobe Reader. Har du ikkje dette frå før kan du laste det ned gratis frå: Adobe)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload