Bygdelista 2019 er i rute (oppdatert)

Kjelde: grannar.no

Norfakta utførte i august 2019 ei meiningsmåling for Grannar. Her fekk Bygdelista ein oppslutnad på 2,4%. Dette er ein liten framgang frå 2,2% i meiningsmålinga som vart gjort i august 2015, i forkant av førre kommunestyreval. Det ligg difor an til at Bygdelista kjem inn i neste kommunestyre.

Med andre ord er vi i rute. Norfakta har målt ein framgang frå 1,9% i mai 2019 til 2,4% i august, så utviklinga er god. Bygdelista er kjent gjennom mange år med representasjon i Ølen/Vindafjord. Har vi minst 1,8-2,0% på meiningsmåling i mai, skal det halde til minst ein plass i kommunestyret etter valet. Spanande blir det om det kanskje kan halda til to representantar!

Meiningsmålingar gjennomførast for heile kommunen. Lister som har sterk geografisk tilhøyre i enkelte delar av kommunen får dermed dårlegare resultat i målinga. Feilmarginen blir dermed høgare og det blir meir vanskeleg å sjå føre seg kva det endelege valresultatet blir. Desto meir spanande, og desto meir viktig å røyste Bjoa bygdeliste i september!