Økonomien: – Vanskeleg å sjå korleis rådmannen har tenkt

Formannskapet i Vindafjord får rådmannen si sak om meirforbruk til handsaming i møte onsdag 4. september 2019. Blant forslaga har nedlegging av omsorgssenteret i Ølen skapt mykje merksemd og mange reaksjonar. Det er vanskeleg å sjå at rådmannen sine forslag er ei god tilnærming til økonomiproblema i kommunen.

Bygdelista sin ordførarkandidat Kristian H. Resset finner lite nyttig i rådmannen sine spareforslag.

Rådmannen varslar eit netto overforbruk på 27 millionar i 2019. I saka som går til formannskapet ønsker rådmannen å kutte basistenester som i beste fall kan spare inn 2,5 millionar i inneverande år. Då står det att eit meirforbruk på 24,5 millionar som det ikkje finst inndekking for. Den økonomiske effekten av å legge ned Ølen omsorgssenter er ikkje skikkeleg dokumentert i forslaget. Det er heller ikkje gjort ei utgreiing på kva konsekvensar ei slik nedlegging kan få. Uansett slår det ikkje ut på økonomien før tidlegast i 2020.

– Det er vanskeleg å sjå korleis rådmannen har tenkt, seier Bjoa bygdeliste sin ordførarkandidat Kristian H. Resset. Nedlegging av Ølen omsorgssenter er ei særs alvorleg avgjerd med store strukturelle konsekvensar.  Uansett løyser ikkje ei nedlegging noko i høve til meirforbruket for 2019, og det er heller ikkje kome på bordet noko som kan dokumentere at drift av to omsorgssenter er det som har ført oss inn i dette uføret, held Resset fram.

Bjoa bygdeliste har ikkje representasjon i formannskapet denne perioden. Bygdelista vil diskutere saka først på eige gruppemøte og deretter i fellesmøte med Sp, SV, KrF og Venstre. – Konklusjonen får vente til vi har drøfta dette, men her og no kan eg ikkje sjå anna enn at det er økonomistyringa og ikkje tenestenivået som er problemet, avsluttar Resset.