Endeleg kjem nye SFO-vedtekter

Eit fleksibelt SFO-tilbod for alle bygdene i kommunen har vore ein av Bjoa bygdeliste sine viktigaste kampsaker sidan 2012. I desember 2018 kom endeleg gjennombrotet etter seks års kamp, då både utval og kommunestyre vedtok å gå bort frå dei rigide pakkene ein før måtte halde seg til. I utval for oppvekst og omsorg (OPOM) 2. september 2019 legg administrasjonen fram dei nye vedtektene som formaliserar eit meir fleksibelt SFO-tilbod.

Imsland skule. Foto: Rene K., panoramio.com

Frå 2012 har foreldre med behov for SFO-tilbod til ungane sine møtt ein stadig mindre fleksibel kommune. Ikkje berre har tilbodet blitt meir firkanta og pakkebasert, men måten skuleleiarane i kommunen har tolka vedtektene har også variert. Etterkvart har vi greid å få med oss dei andre partia på tydelegare og meir forutsigbare vedtekter. No kan vi også sjå at arbeidet for eit meir fleksibelt tilbod har gjeve gevinst.

Bjoa bygdeliste har slitt med å få dei andre partia til å sjå kor mykje eit godt SFO-tilbod betyr, særlig for familiar der båe foreldra har vore i full jobb og med noko pendleavstand. Då vi foreslo ein kvalitetsplan for SFO i 2014 vart dette samrøystes vedteke i OPOM, men nedstemt med stort fleirtal i kommunestyret etter kraftig motarbeiding frå Senterpartiet. Vårt forslag om grundig evaluering resulterte i ei sak tidleg i 2018 som berre konkluderte med at fleksibel SFO var vanskeleg å administrere. Vårt forslag om å gå attende til meir fleksibel SFO vart nedstemt.

Det har vore tungt å jobbe for SFO-saka, særleg fordi våre samarbeidsparti i posisjon, Senterpartiet og KrF, har vore lite villige til å gje oss støtte. No har det imidlertid gitt uttelling at Bjoa bygdeliste har vore pådrivar over fleire år. Framleis kan det vera sider ved SFO som kan betrast. Til dømes hadde det ikkje vore dumt å harmonisert opningstidene med dei som barnehagane har. Dette for å gjera det lettere for familier med søsken i ulik alder. Men førebels er dette eit stort steg vidare.

No kan brukarane velgje fritt kva dagar dei ønskjer SFO-tilbod, og om dei ønskjer med eller utan morgon-SFO. Vi forventer at dei nye vedtektene får fleirtal, både i OPOM og kommunestyret.