Konkrete klimatiltak i Vindafjord

Alle snakkar om veret, ingen gjer noko med det. Slik er det diverre langt på veg med klimaet vårt òg – i alle fall når det gjeld lokale tiltak. Bjoa bygdeliste ønsker å vera konkrete på kva Vindafjord kommune skal gjera dei neste åra for å bidra til at vi kan nå dei nasjonale klimamåla som Noreg har forplikta seg til.

 

Tiltak 1: Klimamål som ein del av verksemda
Vindafjord har ein klima- og energiplan som gjekk ut i 2015. Innhaldet i planen er i liten grad egna til å møte dagens klimautfordringar, og det er gjort vedtak om at innhaldet skal integrerast i kommuneplanen. Revidering av kommuneplanen i eit klimaperspektiv må difor skje i komande periode. Bjoa bygdeliste vil vera pådrivar for at planen omfattar:

  • Ambisiøse klimamål i tråd med nasjonale forpliktelsar etter Parisavtala
  • Utfasing av fossil energibruk i kommunen
  • Inkludering av klimaomstilling i heile den kommunale verksemda
  • Inkludering av klimavurdering i politiske saker
  • Metodar for raskare klimaomstilling
  • Kompetanse og kapasitet drive omstillingsarbeidet i kommunen

 

Tiltak 2: Etablere klimabudsjett og klimarekneskap
Ein sentral del av kommunen si drift er å gjennomføre vedtekne tiltak og aktivitetar innafor dei økonomiske rammene som er sett. Metodane og verktøya for å planlegge og kontrollere klimatiltak er mykje dei same. Bjoa bygdeliste vil forankre klimamål og -tiltak i kommuneleiinga for å oppnå:

  • Klimaarbeidet blir del av kommunen sitt budsjett- og økonomiplanarbeid
  • Det setjast klare mål for utslippsreduksjonar med tiltak og ansvar
  • Statusrapportering på klimatiltak som del av økonomirapporteringa
  • Gode motivasjonsfaktorar for klimatiltak i einingane

 

 

Tiltak 3: Utnytte eigar- og kundemakta
Uansett økonomisk situasjon er kommunen alltid ein pengesterk aktør i marknaden. I tillegg er kommunen heilt eller delvis eigar av ei rekke verksemder som vi kan påvirke i positiv retning. Bjoa bygdeliste vil at Vindafjord kommune skal utnytte eigar- og kundemakta si slik:

  • Inkludere klima i kommunen sin eigarskapsstrategi for å auke farta på det grøne skiftet i verksemdene vi er eigar av
  • Ta inn klima og bærekraft som kriteria ved investeringar i fond og liknande
  • Vurdere klimarisiko ved alle langsiktige investeringar slik at dei er i tråd med omstillingsbehova våre
  • Forankre klimaomsyn og kvalifikasjonskrav i innkjøpsreglement
  • Tilpasse langsiktige kontraktar slik at dei tillet innfasing av nye, meir klimavenlege løysingar
  • Dokumentere og synleggjere økonomisk vinst ved grøne innkjøp

Dette er konkrete grep vi kan gjera i kommunen og som ikkje er kostbare. Tvert om er det pengar å spare på ein grønare og meir klimavenleg økonomi. Bjoa bygdeliste ser fram til å vera pådrivar innafor dette temaet dei neste fire åra!