Ny rekord for Bjoa bygdeliste

Bjoa bygdeliste blir representert i neste kommunestyre i Vindafjord. Etter førebels opptelling får bygdelista 5,3% – ein framgang på 1,8% frå 2015. Framgangen i Bjoa valkrins var nesten 20% i høve til sist. Bygdelista fekk røyster i alle valkrinsane – omlag 40% av røystene kjem frå andre bygder enn Bjoa.

Slik fordeler røystene seg på krinsane (i prosent) for bygdelista etter førebels opptelling. Førehandsrøystene er på dette tidspunktet ikkje fordelt på krins.

Det er berre å takke og bukke for oppslutnaden. Dette er ny rekord for Bjoa bygdeliste i nye Vindafjord. Aldri har vi fått så mange røyster frå resten av kommunen heller. No skal alle røystene kontrollteljast, og i tillegg kjem effekten av personrøyster. Dette kan framleis få noko å seie for mandatfordelinga, og ikkje minst kva rangering kandidatane på listene får til slutt. Endeleg resultat er venta å ligge føre tysdag 10. september kl 18.00.

Senterpartiet går mest attende, førebels med -6,6% til 33,4%. Dette er eksakt like mykje som Høgre går fram. Førebels kan det da sjå ut som at Sp må gi frå seg ein representant. MDG kjem etter alt å døme inn med ein, og Høgre kaprar to. Sidan Venstre ikkje stilte liste denne gongen var det to ekstra representantar å kjempe om for dei resterande listene. Dette er hovudtrekka, men endringar kan framleis koma som ein del av fintelling og fordeling av personrøyster.

Ekstra gledeleg er det at frammøtet blir større enn sist. I 2015 røyste berre omlag 59%, medan frammøtet denne gongen hamna på 62,6%. Neste val får vi prøve å mobilisere enda betre!