Slik skal vi få Vindafjord ut av det økonomiske uføret

Panikkarta kutt i viktige tenester gir ikkje ein bærekraftig økonomi i Vindafjord. Veljarane sit med nøkkelen, og må no ta ansvar for kva politikarar som skal ta jobben med å gjera kommunen robust økonomisk. Bygdelista står for å vera open om feil, lære av dei og ta grep som monnar for framtida. Mellom anna har vi vore for slappe med å få fakta på bordet.

Bjoa bygdeliste har i ein tidlegare artikkel argumentert for at sentralisering av skulestrukturen og nedlegging av skuler i bygdene vil vera direkte øydeleggjande for kommuneøkonomien på sikt.  Rådmannen har varsla at vi går mot eit meirforbruk opp mot 40 millionar i år, med auka skatteinntekter kanskje i underkant av 30 millionar. Rådmannen har ikkje lagt fram tiltak som vil gi innsparing i noko monn for 2019, og heller ikkje for 2020. Her må vi få noko meir konkret på bordet før vi tar for store grep.

Det er no ekstremt viktig at vi ikkje gjer hastevedtak som fører til permanent skade på viktige investeringsområde i kommunen vår. No gjeld det å ta ein grundig gjennomgang på korleis informasjon, rutiner, verktøy og samhandling i både administrative og politiske prosessar kan snu minus til pluss og gjera oss til ein robust og veldriven kommune. Då handlar det om å sjå seg attende og finne kvar ein har gjort feil. Ikkje for å plassere skulda, men for å lære av det som ikkje har vore gjort rett.

Få fakta på bordet
Vi er alle ulike, og det gjeld politikarar og. For nokon kan det sikkert vera greit å ikkje få fram for mykje fakta. Då har ein høve til å synse og dreie avgjerder i retning av særinteresser og personlege synspunkt. I økonomisaka har det vore lite informasjon om kva som konkret har gitt meirforbruket. Bjoa bygdeliste er ikkje nøgd med det. Vi vil ikkje synse, vi vil prioritere på bakgrunn av fakta. Vi vil difor sende ein forespurnad til rådmannen slik at vi får eit meir spesifisert oversyn over kva som er direkte årsak til budsjettsprekken. Dette må bli lagt fram saman med saka til neste  kommunestyremøte 24. september.

Listetoppane sine svar på VG-valgomaten syner stor sprik i posisjonen i spørsmålet om kontrollen med økonomien har vore bra nok. Her ein litt humoristisk illustrasjon av dette, signert Bjoa bygdeliste.

Ut av sandkassa
Når vi no to år på rad har hatt meirforbruk på drift i høve til vedteke budsjett så er dette ikkje noko nytt. Det spesielle no er storleiken. Det har vore ein vekkar for oss i Bjoa bygdeliste. På forsommaren svara ordføraren på kritikk frå opposisjonen med eit lesarinnlegg i Grannar under tittelen «Pengar luktar ikkje». Der lista han opp netto driftsresultat for Vindafjord i perioden 2007-2018. Med unntak av 2015 er alle desse positive, altså med overskot for å seie det enkelt. Ordføraren meiner at vi dermed har hatt god økonomi dei siste 12 åra og legg æra for dette til Senterpartiet.

Det hadde vore fristande å overlate heile æra til Senterpartiet, for det er ei ære med bismak. Bjoa bygdeliste har vore i koalisjon med Senterpartiet i desse 12 åra, og har dermed vore del av ein styrande posisjon. Det blir litt umusikalsk å ta dei økonomiske resultata utelukkande til inntekt for oss styrande politikarar, all den tid vi enkelte år blir redda av uventa stor avkastning på investeringar, auka skatteinngang, ekstraordinære inntekter og fondsmidlar. Uansett må vi kome oss ut av sandkassa og ikkje slå kvarandre i hovudet med leikespadene. Situasjonen krever godt samarbeide på tvers i det nye kommunestyret, og vi kan bli flinkare til å høyre etter kritikk i staden for å gå i skyttergrava.

Bjoa bygdeliste er usamd med Sp, SV og KrF i at kontrollen med økonomien har vore god nok. Difor har vi som einaste liste programfesta at vi må reformere økonomistyringa og sørge for betre internkontroll.

Risikovurderingar utgjer ein viktig del av internkontrollarbeidet. Dette må Vindafjord kommune bli betre på, syner fleire av forvaltningsrevisjonane i kommunen dei siste åra.

Internkontroll og betre styring med økonomien
Bjoa bygdeliste har notert seg at manglande systematikk på internkontroll har vore ein gjengangar i forvaltningsrevisjonane både i forrige og i denne perioden. Dette er ein heilt opplagt stad å byrje. Uansett kva prioriteringar ein gjer eller ikkje gjer så blir det tomme slag i lufta om ein ikkje passar på at vedtaka er basert på fakta og at ein er nøye med å måle verknadene. Får ein ikkje stoppa feil pengebruk tidleg, blir rekninga høg – det har vi sett no. Kanskje er auka pengebruk og omfordeling rett. Men då må ein vera sikker på det før ein kutter i andre viktige tenester og tilbod.

For å få til slik styring må vi endre dagens praksis. No gjer stort sett politikarane kosmetiske endringar på eit budsjett der vi berre ser toppen av isfjellet. Vi skal sjølvsagt ikkje innføre politisk detaljstyring, men må bli betre på tydelege føringar innafor tenesteområda. Samstundes må rådmannen få større fridom til å omdisponere på tvers av rammeområda så lenge det ikkje er i strid med politiske føringar.

Dei tilsette er dei som veit best kva som må forbetrast.
Illustrasjonsfoto: karrierestart.no

Dei tilsette sit med dei gode løysingane
Nøklane til ein smartare og meir effektiv kommune sit hos dei tilsette. Bjoa bygdeliste vil ta initiativ til at vi får ein meir smidig kommune med myndiggjorte tilsette som arbeidar på tvers av tenesteområde og avdelingar. Dette inneber at vi også må lage tydelege strategiar for kva leiarplattform vi ønsker. Vi slepp ikkje unna prioriteringar.

Det viktige er at desse ikkje skjer ut frå synsing og myter, men i tett samhandling med dei tilsette som sit med erfaring og kompetanse på korleis ulike grep kan slå ut. Saman må vi jobbe oss gjennom og ut av uføret, og det skal vi greie – så lenge vi har fakta på bordet og god internkontroll.