Skulepolitikken i Vindafjord

Etter debatten mellom listetoppane i Skjold Arena onsdag 31. august, er det von om at ein kan få ro omkring skulane i Vindafjord også i komande periode. Skuledødaren Vindafjord Høgre ser ut til å stå aleine i å lage samrøre mellom skulestruktur og kvalitet, og greier ikkje å vera konkrete på kva vinst ein eigentleg sit att med ved å legge ned skular no.

Noverande skulestruktur står sterkt
Bjoa bygdeliste seier soleklart nei til å røre ved skulestrukturen i Vindafjord komande periode. Vårt utgangspunkt er at lokal barneskule er ein av dei grunnleggjande føresetnadene for at ei bygd skal vera attraktiv å bu i, og dermed ei viktig investering i Vindafjord som ein god bukommune med eit rikt og variert tilbod. Signala frå dei andre partia tyder på at dette er det brei tverrpolitisk semje om.

Kvalitet og læringsutbytte
Det er inga direkte krise når det gjeld kvalitet i skulen, slik enkelte har hevda. Men ser ein på eksamenskarakterar og grunnskulepoeng for 2010 ligg Vindafjordskulane omlag midt på treet, og det bør vera ein motivasjon for at vi skal gjera skulane våre enda betre. Ved å legge nedleggingsdebatten daud kan vi gi lærarar og rektorar arbeidsro slik at dei kan fokusere på det pedagogiske utviklingsarbeidet. Det betyr ikkje at politikarane kan la vera å diskutere kva grep ein skal ta for å stimulere til og legge til rette for ei kvalitetsheving, men utviklinga må vera fagleg fundert. Bygdelista meiner difor at ein må vurdere om kompetansen hos kommunen som skuleeigar bør styrkast.

Forenklinga
Bygdelista meiner det er uansvarleg å nytte utvalde enkeltresultat frå nasjonale prøvar til å rangere skulane våre opp mot kvarandre. Påstandar om at eksistensen av reine barneskular i andre bygder gir dårlegare læringsutbytte ved dei tre store kombinerte barne- og ungdomsskulane blir etter vår meining ei pussig forenkling. Det er heller ikkje lagt fram reknestykke som syner at det vil vera ein monaleg økonomisk vinst i å leggje ned enkelte av skulane. Tvert om vil dette berre legge ytterlegare press på allereie knapp kapasitet ved dei store skulane.

Økonomi
Av dei samla netto driftsutgiftene til Vindafjord kommune i 2010 gjekk 33,9% til grunnskulesektoren. Dette er omlag 4,5% høgare enn snittet for kommunegruppe 11 og landet elles, og 3,2% over snittet for kommunane i Rogaland. Skilnaden målt mot andre kommunar ser ein særleg på lønnsutgiftene, som er den største kostnaden ved skuledrift. Vindafjord hadde i 2010 lønnsutgifter på kr. 79 099,- pr. elev mot 75 423,- i snitt i kommunegruppe 11 og 70 297,- i snitt på landsbasis. Netto driftsutgifter til skulelokale var og høgare i 2010 her i kommunen, med oppunder 17 000,- pr. elev, rundt 2 700,- meir enn i kommunegruppe 11 og landssnittet. Om dette åleine skuldast den politiske prioriteringa av desentralisert skulestruktur eller om det kan vera sider ved drifta av skuleanlegg som kan gjerast rimelegare må saman med dei andre postane i skulerekneskapen analyserast i komande budsjettrunde.

Kompetanse kostar
Vi har 5% høgare lønnsutgifter pr. elev enn kommunar det er naturleg å samanlikne seg med. Samstundes er Vindafjord i ei særstilling når det gjeld pedagogisk kompetanse. Delen lærarar med universitets-/høgskoleutdanning og pedagogisk utdanning ligg på 93,3%, medan snittdelen i kommunegruppa er 86,3% (snittet i resten av landet er 86,9%). Å ha  7% større del høgt utdanna pedagogar medfører at vi har fleire tilsette med eit høgare lønnsnivå – dette er en ekstrakostnad vi ønsker velkomen.

Vi må frigjera oss frå mytene om at skulestruktur, gruppestorleik og pengebruk i seg sjølv er avgjerande for nivået på kvalitet og resultat. Rekruttering av høg kompetanse er ein av suksessfaktorane i satsing på skulen, med andre ord er utgangspunktet for å utvikle Vindafjordskulen vidare det aller beste. Utviklinga av skulen må skje i skulen, og så må vi politikarar greie å bidra med dei rette rammevilkåra basert på kunnskap og fakta.

 
Alle talfakta er nøkkeltal og grunnlagsdata frå KOSTRA, Statistisk sentralbyrå.

 

Én kommentar til «Skulepolitikken i Vindafjord»

  1. Veldig god og opplysande forklaring på ei vanskeleg sak for vindafjordpolitikarane.
    Godt formulert og greie begrunningar !
    Godt jobba Kristian

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.