Kan ikkje berre sitje og sjå på slikt

Skal vi vera nøgde med at vegvesenet bruker vinter og vår – og år – på å sikre farlige punkt på fylkesvegane i Vindafjord, eller kan kommunen bli meir aktiv?

Statens vegvesen har ansvaret for vedlikehaldet av fylkesvegane våre, inkludert sikring mot og konsekvensar av naturskader. Den viktigaste reiskapen til vegvesenet ser ut til å ha blitt reflekspålane som gjerne blir ståande lenge, ofte fleire år, utan at det blir gjort noko med sjølve problemet.

Her har det vore dårleg vegskulder i fleire år. Nytt av året er refleksinnsnevring rett rundt svingen. Foto: Kristian Resset
Her har det vore dårleg vegskulder i fleire år. Nytt av året er refleksinnsnevring rett rundt svingen i 80-sona. Foto: Kristian Resset

Bileta til denne teksten er tekne på fylkesveg 543 som går frå Utbjoa kai til Ølensvåg, men motivet passar mange andre stader langs fylkesvegane i Vindafjord. Når flaum, regnskyll eller anna naturpåverknad byrjer å nappe i vegkantane er løysinga tydelegvis refleks.

Men det er ikkje støtt slik at refleks reddar liv. Her på Utbjoa er det helst eit trugsmål mot liv og helse. Her har ein laga ei innsnevring med reflekspålar i ei 80-sone, rett rundt ein sving. Å setja opp eit enkelt åtvaringsskilt før svingen har ein ikkje teke seg råd til.

 

 

Her har det vore svak vegskulder heilt sidan Bjoa bygdeliste tok med seg vegvesenet og kommunalteknisk eining i kommunen på bekymringssafari frå Ølensvåg til Isvik for fire år sidan. Den gongen noterte ein ei rekkje punkter langs dei to fylkesvegane som var direkte trafikkfarlege.

Etter masing på vegvesenet vart det sett i verk noko sikringsarbeid og utbetring både langs Bjoavegen og Vikevegen eit par stader. Så stoppa det opp. Nytt av året er altså at vegvesenet har vore ute og sett opp refleks.

Så no må me trå til på privat initiativ og mase meir for å få gang på sikringsarbeidet att. Kva om kommunen hadde sørga for å vera orienterte på kva som må utbetrast og kva status på dette er rundt om i heile Vindafjord? Kva om kommunen kunne bidra med å vera aktive og dytte litt på vegvesenet for å få dei til å gjera jobben sin? Faste dialogmøter med aktiv oppfølging der ordføraren deltek, kanskje?

Bjoa bygdeliste trur det hadde vore ei glimrande løysing, og vil ta initiativ til at det kjem ei politisk bestilling på meir aktiv dialog mellom kommunen og vegvesenet. Me veit sjølve at vegvesenet er tilsnakkandes og at det monnar å presse litt på, så me kjøper ikkje argumenta frå enkelte om at “det er vegvesenet som styrer framdrifta, så det er ikkje noko kommunen kan gjera”. Her kan kommunen sin aktive innsats for trafikktryggleiken bli betre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.