Difor må IKT-ansvaret attende til Vindafjord

Sidan 2015 har ansvaret for IKT i Vindafjord vore underlagt det interkommunale samarbeidet Etne og Vindafjord IKT (EVIKT). Det er Etne som er vertskommune for EVIKT, med andre ord er det rådmannen i Etne som har ansvaret for IKT-utviklinga i vår kommune. Med dei store utfordringane som ligg føre oss innanfor digitalisering må vi ta attende kontrollen over IKT snarast. 

Gåvepakke til Etne
Bjoa bygdeliste sto hardt på for å hindre utsetjing av IKT til Etne då saka vart handsama i 2014. Dette handlar sjølvsagt ikkje om at vi ser negativt på samarbeid med Etne, men at gevinstane var særs dårleg utgreidd då saka vart lagt fram første gongen. Saka gjekk i fleire omganger, og vi fekk stadig sterkare kjensle av at dette var ei gåvepakke frå vår eigen Sp-ordførar til dåverande Sp-ordførar i Etne. Rådmannen i Vindafjord sleit nemleg med å finne gode faglege argumenter for eit slikt samarbeide på dette området. Bygdelista fekk med seg opposisjonen i to omganger på å gi rådmannen høve til å utgreie saka. Til slutt sa rådmannen ærleg at det ikkje fanst gode argument og foreslo å leggje saka til side. Då syntest plutseleg Arbeiderpartiet at dette var ein god ide – og sikra fleirtal saman med Sp, KrF og SV!

Berre drift – ikkje strategi og utvikling
Hausten 2018 leverte Deloitte på oppdrag frå kontrollutvalet i Vindafjord ein rapport på EVIKT. Revisjonen ga ein del merknader på informasjonstryggleik og internkontroll. I tillegg kom det fram at EVIKT etter samanslåinga var blitt ei rein driftseining, og at det mangla klåre mål frå kommunane på kva ein ønskte å oppnå med EVIKT. Det synte seg og at openbare gevinstar som samordning og samdrift av system ikkje hadde latt seg gjera grunna store skilnader i drifsbudsjetta i dei to kommunane. I praksis står ein da altså att med ei rein driftseining som berre tar seg av teknisk drift, men utan dokumentert samdriftsgevinst. Dermed er det ingen, verken i EVIKT eller i Vindafjord kommune, som har ansvaret for eller kompetanse på å bringe oss gjennom den digitale transformasjonen som alle landets kommunar no må gjennom.

Ein smartare kommune
Framtida byr på store utfordringar for fellesskapet. Kommunen skal levere meir på tenester og forvaltning, med færre ressursar enn no. Hovudutfordringa i åra framover er ikkje arbeidsløyse, men å finne nok folk til å jobbe der det trengs. Då er det viktig at vi har greid å effektivisere og automatisere slik at hender og hjernekraft blir frigjort der det trengs mest. Dette vil særleg vera innafor helse og omsorg samt i skule og oppvekst. Det hastar difor med å få IKT attende i eige hus slik at vi kan styre denne utviklinga ut frå eigne føresetnader og ressursar.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.