Bjoa bygdeliste har ikkje skifta side

Lesarinnlegg i Grannar, torsdag 31.10.2019:

I Grannar torsdag 24.10.19 omtalast konstitueringa av det nye kommunestyret i Vindafjord. I artikkelen er det eit par faktafeil og sitat som er litt upresise. Det kan vera greitt å presisere Bjoa bygdeliste sin ståstad.

Det er nemleg ikkje slik at bygdelista har «tatt endeleg farvel med ordførar Ole Johan Vierdal og Senterpartiet» slik Grannar formulerer det. Etter valet hadde Sp hastverk med å inngå avtale med Ap og KrF. Denne koalisjonen var deretter ikkje interessert i å ha med andre parti i samarbeid. Rett nok vart bygdelista, SV, MDG kalla inn til ikkje mindre enn to møte med koalisjonen. Dette synte seg å vera spel for galleriet, truleg for å gje inntrykk av at ein hadde strekt ut ei hand. For handa var tom kvar gong, og dei gjorde det tydeleg at dei ikkje hadde noko å tilby.

Løysinga for bygdelista vart difor eit valteknisk samarbeid med Høgre, FrP, SV og MDG. Gjennom dette samarbeidet har dei små partia i opposisjon fått gode arenaer for politisk arbeid. Nykommaren MDG har fått ein plass i utval for drift, utvikling og kultur (DUK) som dei elles ikkje ville ha fått. Både SV og bygdelista har fått plassar i to utval, ikkje berre eitt slik Grannar skriv. SV og bygdelista har no  faste medlemmer i utval for oppvekst og omsorg (OPOM). I tillegg har SV ein plass i DUK og bygdelista har leiaren i kontrollutvalet.

Ordførarval er ikkje politisk vegval
Ordførarrolla går etter bygdelista si meining langt utover det partipolitiske. Ordføraren skal fungere samlande for heile kommunen. Ordføraren er vår fremste tillitsvalde og andletet vårt mot omverda. I tillegg er det ordføraren som til dagleg set dagsorden på saker, utvikling og innovasjon. Varaordføraren skal skjøtte alle desse rollene når ordføraren sjølv ikkje har høve til det.

Bjoa bygdeliste røysta for opposisjonen sine forslag til ordførar og varaordførar. Dette var ei kvittering for godt valteknisk samarbeide og eit signal om at Vindafjord kommune må ta eit taktskifte framom dei store utfordringane vi skal løyse i åra som kjem. Men noko sideskifte i politisk ståstad, slik Grannar framstiller det, er det ikkje.

Konstruktiv og aktiv opposisjon
Det er heller ikkje slik som det står i artikkelen, at det er mot slutten av perioden at bygdelista har kome meir og meir i opposisjon innan posisjonen. Det har vore stor usemje i enkelte saker mellom bygdelista og resten av posisjonen i båe dei to siste periodane. Noko av denne usemja har vore synleg for omverda i saker som t.d. utsetjing av IKT-ansvaret til Etne kommune, men i mange høve har usemja helst kome til uttrykk i interne felles gruppemøte. Politisk og på verdiar er det ikkje større avstand mellom bygdelista og Sp no enn før.

I denne perioden har bygdelista ikkje fått andre alternativ enn å gå i opposisjon. Dette skal vi greie å løyse på beste vis. Vi kjem til å søke samarbeid der vi får mest gjennomslag for å sikre at alle dei ni bygdene i kommunen skal vera levande og gode område å både bu og arbeide i. Men dersom vi skal få til god politikk er det ein føresetnad at det er god økonomistyring og tilfredsstillande internkontroll i den kommunale verksemda. Bygdelista kjem til å bidra med sterkt fokus på dette gjennom vår rolle i kontrollutvalet, så vel som i andre utval.

 

Kristian H. Resset
Bjoa bygdeliste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload