Interpellasjon: Vats barnehage må ut av budsjettsaka
Ordføraren vil ikkje ha ordskifte om budsjettet på kommunestyremøtet 19. november 2019. Bjoa bygdeliste har difor levert inn interpellasjon om at avvikling av Vats barnehage blir teken ut av forslaget til økonomiplan. Bygdelista meiner at avviklinga ikkje er forsvarleg utgreidd, og er uroa over signaleffekten dersom kommunestyret tillet at forslaget følgjer med til politisk handsaming i formannskapet 3. desember.
Bjoa bygdeliste sendte i dag inn følgjande interpellasjon til framlegg for kommunestyret 19.11.19:
AVVIKLING AV VATS BARNEHAGE SOM BUDSJETTSAK
Interpellasjon frå Bjoa bygdeliste
Rådmannen har i sitt forslag til budsjett foreslått at Vats barnehage skal avviklast. Barnehage- og skulebruksplan skal handsamast i 2020. Rådmannen sitt budsjettforslag vert lagd fram til politisk handsaming for første gong i formannskapet 3. desember 2019.
Etter Bjoa bygdeliste si meining reiser forslaget ei rekke prinsipielle spørsmål:
– Om det er god forvaltningsskikk å foreslå større strukturelle endringar teke inn på kort varsel som del av budsjett og økonomiplan
– Om politisk nivå kan godta ei sak som ikkje er utgreidd i si fulle bredde kva gjeld konsekvensar
– Om politisk nivå kan godta ei sak der det ikkje er dokumentert at krav til medverknad etter lov- og avtaleverk er oppfylt
– Om politisk nivå kan godta at rådmannen slik legg fram forslag som strir mot vedtekne strategiar i kommuneplanen
– Om politisk nivå kan gå god for at strukturelle endringar som skal inngå i komande planarbeid forserast rett i forkant av at slik plan blir utarbeida
Bjoa bygdeliste meiner svaret er nei på alle desse spørsmåla. Så lenge budsjett og økonomiplan enno ikkje er lagt fram politisk handsaming meiner bygdelista at kommunestyret må legge føringar slik at rådmannen ikkje kan leggja fram ei uforsvarleg utgreidd sak som del av budsjett og økonomiplan.
Bjoa bygdeliste ber kommunestyret om å gjera følgjande vedtak:
Kommunestyret ber rådmannen fjerne forslaget om avvikling av Vats barnehage frå budsjett og økonomiplan 2020-2023. Kommunestyret ber rådmannen sjølv vurdere om han vil legge fram alternative tiltak med tilsvarande effekt eller om fjerninga av tiltaket skal gi lågare mindreforbruk enn i opprinneleg forslag.
For Bjoa bygdeliste
Kristian H Resset