[Oppdatert] Sju spørsmål om avvikling av Vats barnehage

[Oppdatert 18.11.19 med rådmannen sine svar og bygdelista sine kommentarar] Prosessen rundt budsjett og økonomiplan 2020-2023 i Vindafjord er i gang. Men etter bygdelista si oppfatning er det ein uryddig prosess. Rådmannen har nemleg foreslått avvikling av Vats barnehage. Forslaget kjem som eit sparsomt notat i økonomiplanteksten og rett før kommunen skal få ny plan for barnehage- og skulestruktur. Bygdelista har stilt rådmannen sju spørsmål.

Spørsmåla er sendt rådmannen 08.11.2019. Les rådmannen sitt forslag til avvikling av Vats barnehage her.

SPØRSMÅL TIL RÅDMANNEN – BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN 2020-2023

Vats barnehage. Foto: Vindafjord kommune

Rådmannen har foreslått avvikling av Vats barnehage frå hausten 2020. Forslaget kjem som del av rådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan 2020-2023.

Bjoa bygdeliste merker seg at forslaget er særs sparsomt utgreidd i høve til kva ein ville forvente i ei sak som handlar om store strukturelle endringar og konsekvensar, og som etter bygdelista si meining er i strid med strategiformulering for levande bygder i kommuneplanen. Spørsmål for dette punktet rettast difor i eigen e-post.

Bjoa bygdeliste er lei for at ein må be om såpass mykje informasjon, men meiner dette er naudsynt for at saka kan handsamast på forsvarleg vis. Ein ber difor om at svar er motteke innan  kommunestyremøte 19.11.2019, helst innan gruppemøta i forkant.

1             Generelt om prosess og utgreiinga av forslaget
Bjoa bygdeliste merker seg at rådmannen i framlegget generelt syner til at avvikling vil få konsekvensar og at det finst rutiner, lov- og avtaleverk, men utan at konsekvensar er konkretiserte og utan å dokumentere at rutiner, lov- og avtaleverk er følgd før saka er lagt fram til politisk handsaming.
Bjoa bygdeliste ber rådmannen grunngje kvifor konkrete konsekvensar ikkje er teke med i saksframlegget, kvifor prosess ikkje er dokumentert og kvifor det kjem framlegg om nedlegging av ein barnehage rett i forkant av at det skal nyttast store ressursar på utarbeiding av heilskapleg barnehage- og skulebruksplan.

Svar: Rådmannen merkar seg at Bjoa Bygdeliste er av den oppfatning at budsjettforslaget ikkje er godt nok utgreidd. Rådmannen har lagt fram budsjett i samsvar med normal praksis, og avventar no den politiske handsaminga av budsjettet, der politikarane står fritt til å gjere andre prioriteringar. Når endeleg budsjett er vedteke, vil Rådmannen og administrasjonen gjennomføre dette i samsvar med vedtak i kommunestyret.

Kommentar: Bygdelista ber i spørsmålet om ei grunngjeving for framgangsmåte, manglande konsekvensutgreiing og dokumentasjon. Rådmannen gjev her ikkje slik grunngjeving.


2             Medverknad etter barnehagevedtektene og barnehagelova
– Vedtekter barnehage §3 seier «Kommunen skal syta for at viktige saker blir lagt fram for foreldreråd og samarbeidsutval»
– Lov om barnehager §4 seier «Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget»
Bjoa bygdeliste ber om å få tilsendt referat frå møte i foreldreråd og samarbeidsutval for Vats barnehage der det er lagt fram sak om avvikling av barnehagen frå hausten 2020.

Svar: Rådmannen oppfattar at kravet i vedtektene og barnehagelova omhandlar saker som gjeld den ordinære drifta av barnehagen. Om Rådmannen sitt framlegg om å avvikle Vats Barnehage frå oppstart av barnehageåret hausten 2020 vert vedteke, vil ein ha kontakt med foreldredråd og samarbeidsutval for å sikre god drift ut driftsperioden, samt få til ein god overgang for dei barn som må byte barnehage.

Kommentar: Bygdelista syner til Rundskriv F-08/2006 med departementet sine merknader til barnehagelova med forskrifter.
Om kva som er viktige saker etter §4 seier departementet: “Øvrige saker av viktighet er blant annet forslag til budsjett, driftsendringer, arealutnyttelse mv.”
Som det går fram av rundskrivet er sjølvsagt endringar i  drifta også tema som skal leggjast fram for foreldreråd og SU. Like sjølvsagt skulle avvikling som ein del av forslag til budsjett vore drøfta før framlegg for politisk nivå.


3             Medverknad etter avtaleverk
– Hovudavtala §1-4-1 seier mellom anna «Arbeidsgiver skal så tidlig som mulig informere, drøfte og ta de tillitsvalgtemed på råd når det gjelder omorganisering/omlegging av driften, rasjonalisering/driftsinnskrenkning som kan få sysselsettingsmessige konsekvenser»
– Hovudavtala §3-1 seier mellom anna «Ved endringer og omstillinger […] skal arbeidsgiver på et tidligst mulig tidspunkt informere, drøfte og ta de tillitsvalgte med på råd.
Arbeidstakernes behov for trygghet skal ivaretas gjennom åpne planprosesser hvor mål og konsekvenser så langt som mulig gjøres kjent.»
Bjoa bygdeliste ber om å få tilsendt protokoll frå drøftingar med dei tillitsvalde der avvikling av Vats barnehage frå hausten 2020 er drøfta samt dokumentasjon på korleis arbeidsgjevar sine plikter etter HA §3-1 er oppfylde.

Svar: Det vart halde drøftingsmøte om rådmannen sitt budsjettforslag med hovudtillitsvalde og hovudverneombod 3. og 17. oktober. Desse møta er heimla i HA del B §§ 1-4-1, 3-1 og 3-2. Nedlegging av Vats barnehage var eitt av tiltaka som vart drøfta, inkludert korleis ein kunne ivareta dei tilsette på best mogleg måte. Bjoa bygdeliste spesifiserer ikkje kva for punkt i HTA § 3-1 ein evt. meiner at ikkje er fulgt opp. Rådmannen kan ikkje sjå at nokre av punkta om arbeidsgjevar sine plikter under HTA § 3-1  er brotne i denne prosessen. Referat frå møtet 17. oktober ligg ved eposten her.

Kommentar: Bygdelista har i spørsmålet bede om dokumentasjon, ikkje hevda manglande oppfølging slik rådmannen påstår.

Bygdelista syner til dom mot Moss kommune i arbeidsretten 1. september 2008, som har danna rettspraksis i høve til tolking av drøftingsplikta. Dommen slår klart fast at drøftingsretten ikkje berre handlar om å strø sand på ei administrativ avgjerd. Hovedavtala gjev dei tilsette ein uavkorta rett til å koma med sine argument så tidleg at dei har reelt høve til å påverke utfallet av saka. Dommen er og klår på at det er arbeidsgjevar som plikter å sørjge for at drøftingane er relle.

Dersom rådmannen sin einaste dokumentasjon er referat frå drøftingsmøte 17.10.19 gir faktisk dette grunn til å hevde at HA §3-1 ikkje er fulgt opp. Møtet ser ikkje ut til å ha vore reelle drøftingar med høve til å drøfte alternativ til avvikling av Vats barnehage, men ber preg av å vera ein informasjon til tilsette sine representantar om noko som allereie er avgjort.


4             Medverknad etter arbeidsmiljølova
– Arbeidsmiljølova §4-3 seier mellom anna: «Under omstillingsprosesser som medfører endring av betydning for arbeidstakernes arbeidssituasjon, skal arbeidsgiver sørge for den informasjon, medvirkning og kompetanseutvikling som er nødvendig for å ivareta lovens krav til et fullt forsvarlig arbeidsmiljø.»
Bjoa bygdeliste ber rådmannen dokumentere korleis dette kravet i arbeidsmiljølova er oppfyld i høve til å foreslå avvikling av Vats barnehage frå hausten 2020.

Svar: Bjoa bygdeliste spesifiserer ikkje kva dei evt. meiner ikkje har vore fullt forsvarleg for arbeidsmiljøet i denne prosessen. Arbeidstakarane i Vindafjord kommune er tilsett i kommunen, «for tida» tilsett på ei gitt eining. Kvar vår har ein prosessar innafor skule og barnehage kor ein flyttar tilsette frå einingar med overtal til einingar med behov. Vindafjord kommune har prosedyrer for dette, kor tillitsvalde er involvert. Ein veit allereie at ein etter all sannsynlighet vil ha eit overtal i Vats barnehage frå hausten 2020 pga synkande barnetal. Eit slikt overtal, uavhengig av om eininga vert lagt ned eller ei, vil handterast etter lov- og avtaleverk og interne prosedyrer. Evt. overtal som ikkje kunne løysast ved omplassering, vil også verta handtert etter lov- og avtaleverk og interne prosedyrer. Rådmannen minner imidlertid om at det er arbeid ein ikkje kan starta med før etter at kommunestyret har fatta sitt budsjettvedtak. Arbeid med å identifisera kven som er overtallige og vurdera løysingar for desse, evt. andre overtallige i sektoren, samt vidare drøftingar med tillitsvalde og den einskilde berørte, vil ikkje kunne starta før den dagen ein veit kva Kommunestyret sitt vedtak blir.

For øvrig drøftar Rådmannen sitt budsjettforslag med organisasjonane før det vert lagt fram. I drøftingsmøte nr 2 var arbeidsgjevar enig med organisasjonane og hovudverneombodet i at rådmannen burde møte dei tilsette rett i forkant av budsjettframlegget. Dagen for budsjettframlegget møtte rådmann, kommunalsjef samt personal- og organisasjonssjef dei tilsette i Vats barnehage morgonen og igjen på ettermiddagen.

Kommentar: Bygdelista har bede om dokumentasjon som manglar i saka, og har heller ikkje i dette spørsmålet hevda noko om at arbeidsmiljøloven ikkje har vore fulgt, slik rådmannen påstår.

Bygdelista syner påny til dom mot Moss kommune i 2008, der arbeidsretten understrekar at det med “snarest mulig” meinast at medverknadsprosesser skal gjennomførast før innstilling går til politisk nivå.

Rådmannen syner imidlertid ei heilt anna oppfatning av kva tid i prosessen medvirkning skal foregå i ein slik prosess. Rådmannen meiner medverknad etter arbeidsmiljølova skal skje i etterkant av at  politisk nivå har vedteke avvikling av Vats barnehage.

Bygdelista meiner det blir sjølmotsigande når rådmannen melder at det allereie er kjent at ein uansett får ei overtalsak i Vats frå hausten av, men at medverknadsprosessar ikkje kan starte før kommunestyret har gjort vedtak. Det er resultata frå medverknadsprosessene som skulle vore lagt fram for politisk nivå som grunnlag for vedtaket – ikkje omvendt.


5             Tilstand på bygg i høve til HMS
– Internkontrollforskrifta §5 set krav til skriftleg dokumentasjon, mellom anna når det gjeld «6. kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene»
Bjoa bygdeliste ber om å få tilsendt den dokumentasjonen rådmannen sit på som er relevant for Vats barnehage jf internkontrollforskrifta §5, punkt 6.

Svar: Sjå vedlagte dokument: Tilstandsanalyse

Kommentar: Sjå samlekommentar under spørsmål 7


6             Tilstand på bygg i høve til miljøretta helsevern
Ein syner til forskrift for miljøretta helsevern og rådmannen si framlegging av budsjettet 29.10.2019. Rådmannen nevner muntleg at det ligg føre avvik i høve til miljøretta helsevern, men dette er ikkje dokumentert i saka.
Bjoa bygdeliste ber om å få tilstandsrapport(ar) og anna dokumentasjon som synleggjer og dokumenterer kva avvik som er gitt for Vats barnehage og kva frister som er sett for å lukke desse avvika.

Svar: Sjå vedlagte dokument: Tilstandsanalyse

Kommentar: Sjå samlekommentar under spørsmål 7


7             Tilstand på bygg i høve til økonomi
Rådmannen har etter eige utsagn ikkje rekna på vedlikeholdsetterslepet for Vats barnehage men kjem likevel med eit tal, «minst 4 millionar dei neste åra». Dette blir særs upresist i høve til at det frå rådmannen manglar alternativ til ei forsert avvikling.
Framlegget burde hatt eit tydeleg alternativ som synleggjorde kostnadene ved framleis drift av Vats barnehage til komande planprosess er sluttførd.
Bjoa bygdeliste ber rådmannen svare på kva ein meiner det er rimeleg å anta at ein må koste på Vats barnehage for å sikre drift inntil barnehage- og skulebruksplan er handsama og vedteke. Det er tilstrekkeleg at rådmannen synsar om dette, slik det er gjort i saksframlegget.

Svar: Sjå vedlagte dokument: Tilstandsanalyse

Innleiing av svarmail omhandlar desse tre spørsmåla:
Når det gjeld spørsmål 5-7, har eg valgt å svare dei samla ved å vise til vedlagte tilstandsanalyse som er henta ut frå vårt internkontrollsystem, og som samlar opp både internt meldte avvik, samt avvik gjennom miljøretta helsevern. Merk at dette er ikkje er komplett oversikt, då det ikkje er gjort synfaring på bygget, og det er heller ikkje henta inn prisar i denne omgang. Det betyr og at ei synfaring sannsynlegvis ville avdekt endå fleire manglar på bygget enn det som går fram av rapporten.

Kommentar: Bygdelista sitt formål med desse tre spørsmåla (5, 6, 7) var å få greie på kvifor det skulle haste spesielt mykje med Vats barnehage samanlikna med andre barnehagar spesielt og kommunale bygg generelt.

Den internt utarbeida tilstandsanalysa frå 2019 som rådmannen syner til gjev ikkje konkrete svar på denne problemstillinga.
Rådmannen svarar vidare at det ikkje er rekna på kostnader eller gjort ei synfaring som kunne ha gjeve faktagrunnlag

Bygdelista må difor konkludere med at rådmannen ikkje har dokumentert vektige grunnar for å avvikle Vats barnehage som hastesak.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload