Her er tilbodet frå Norconsult

Bygdelista har fått tilgang på tilbodspapira i samband med engasjementet av Norconsult til å lage rapport for barnehage- og skulebruksplan. Fleire av tala rimer ikkje med den orienteringa ein har fått tidlegare. Bygdelista stiller difor grunngitte spørsmål til ordføraren i neste kommunestyremøte.

Konsulenten i Norconsult skal i utgangspunktet ha 30.000 kroner for kvart folkemøte han deltar på i Vindafjord. Det tilsvarar 270.000 for møte i ni bygder.

Frå Grannar 15. oktober 2020. Foto: Jon Edvardsen.

Dei fleste reagerte vel med vantru på at Norconsult skal ta seg så rikeleg betalt for å delta på folkemøter. Ekstra merkeleg blir det når Norconsult faktisk har gitt pris på nettopp dette i tilbodet sitt, og rekna tilleggskostnaden til å bli mellom 20.000 – 90.000. Totalt.

Bygdelista sin representant til kommunestyret 27.10.2020, Anna Klette Steinsland, har difor sendt grunngitte spørsmål til ordføraren:

Det går fram av tilbodet frå Norconsult at arbeidet med rapport for barnehage og skulebruksplan hadde ei ramme på 367.000,- eks. mva. Så langt er det berre orientert om eit forbruk på kr. 250.000,-.  

Vidare ser ein at Norconsult i det aksepterte tilbodet opererer med ein timepris på kr. 1.200,-

I formannskapsmøte 13.10.2020 skal kommunedirektøren ifølgje Grannar og Haugesunds Avis ha orientert om at Norconsult krev kr. 30.000,- pr. møte ved folkemøte i bygdene. Med avtalt timepris tyder dette på at Norconsult vil ha betalt for 25 arbeidstimar for kvart einaste møte.

Av revidert tilbod, punkt 7.1 går det tydeleg fram at utvida brukarmedverknad er ein opsjon Vindafjord kommune kan nytte seg av. Av typene oppgåver er mellom anna deltaking på folkemøte nemnt. Norconsult seier at dette erfaringsmessig vil ha ein kostnad på til saman mellom kr. 20.000 – 90.000, avhengig av antall møte.

Slik motstridande informasjon reiser prinsipielle spørsmål rundt kvalitetssikring av kjøpet frå eksterne konsulentar i denne saka.

Bygdelista ber ordføraren gjere greie for fylgjande:

1) Er den faktisk kostnaden på rapportarbeidet frå Norconsult no på 367.000,- eller framleis på 250.000,-?

2) Korleis forklarar ordføraren at Norconsult kan krevja kr. 30.000,- pr. møte når det er inngått avtale om ein opsjon med ei øvre ramme på kr. 90.000,- til saman?

Anna Klette Steinsland
Bjoa bygdeliste

Én kommentar til «Her er tilbodet frå Norconsult»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.