Norconsult-rapporten kostar no 405.000,-

På spørsmål frå bygdelista kunne fungerande ordførar Tove Elise Madland opplyse at Norconsult no har fakturert totalt 405.000,- for rapporten i samband med barnehage- og skulebruksplan. Svaret frå ordføraren inneheld dessverre faktafeil og opplysning om at kommunedirektøren feilinformerte formannskapet.

Anna Klette Steinsland frå bygdelista stilte grunngitte spørsmål til ordføraren i kommunestyret 27. oktober 2020. Etter at bygdelista avdekka at totalramma i tilbodet frå Norconsult var på 367.000,- medan einaste oppgitt sum så langt har vore 250.000,- måtte vi spørje kva som er rett kostnad. Svaret frå ordføraren var at Norconsult no har fakturert Vindafjord kommune for ikkje mindre enn 405.000,-.

Sjå spørsmål og svar på
kommune-TV
“grunngitte spørsmål og interpellasjonar”
Spol fram til 09:00 i saka

Ordføraren synte til at dette skuldast fleire møte med administrasjonen enn planlagt og orientering til politisk nivå. Dette siste kan ikkje vera rett. Norconsult har halde ei løypemelding i juni og ein presentasjon då rapporten vart lagt fram i august – og då på videolink utan reisekostnader. Begge desse to orienteringane er inkludert i tilbodet.

1.3 Brukarmedverknad og folkemøte

Integrert i dette tilbodet ligg drøfting med skule- og barnehagefagleg og administrativ leiing i samband med synfaringane.

Det er og lagt til grunn to løypemeldings- og undervegmøte med administrativ og politisk leiing.

Frå det aksepterte tilbodet Norconsult ga 10.01.2020

Vidare spurte bygdelista korleis Norconsult kunne kreve 30.000,- pr. folkemøte når dei har gitt ein opsjon på maks. 90.000,- for slikt oppfølgingsarbeid. Svaret var då at kommunedirektøren ikkje hadde dokumenta i saka med seg i formannskapsmøtet 13. oktober. Og at han dermed feilinformerte formannskapet.

Etter å ha fått svar på kva Norconsult har fakturert fulgte Steinsland opp med spørsmål om ordføraren kunne gjera greie for kvifor eit så stort tiltak ikkje var med i framlegget til budsjett for 2020 og økonomiplan. Det kunne ordføraren ikkje, og vart svar skuldig. Kommunedirektøren skal vera i dialog med Norconsult om både totalsum og opsjon for brukarmedverknad.

Ordføraren ga inga utfyllande informasjon om korleis aktiviteteten overfor administrasjonen kan ha ført til fakturering på nesten 40.000,- over opprinneleg tilbod. Men orienteringane til politisk nivå kan ikkje vera grunnen. Desse er inkludert i tilbodet.

Det er i seg sjølv særs urovekkanda at arbeidet med barnehage- og skulebruksplan ser ut til å ha kosta over 400.000,- før administrasjonen i det heile har kome i gang med å kvalitetssikre og utfylle dei feil og manglar som rapporten ber sørgjeleg preg av.

No ser det ut til at administrasjonen i tillegg har påført kommunen ekstrakostnader allereie i rapportprosessen utan at det har kome mykje av verdi ut av det.

Her har viktig og kontroversiell informasjon ikkje kome fram slik det burde. Desse opplysningane kjem fram berre fordi det blir stilt konkret spørsmål om det. At Norconsult skulle ha 30.000,- pr. møte førte til store oppslag i media. Denne feilinformasjonen kunne ha vore retta raskt. Når dette ikkje blir gjort er det undergravande for tilliten til administrasjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.