Planløysa

Ytring i Grannar 22.10.2020

Vindafjord kommune har ein kommuneplan som er vedteke for 2017-2029. I planen sin samfunnsdel er levande bygder eige satsingsområde. I planen står det at målet er ei vekst i folketalet på 1% årleg.

Blant virkemidla for å oppnå denne veksten seier kommuneplanen mellom anna: «Det er viktig å utvikle og marknadsføre Vindafjord kommune som ein attraktiv bukommune. Dette krev ei brei satsing på bustadtomter, arbeidsplassar, kulturtilbod, handel og service, og ein desentralisert barnehage- og skulestruktur.»

Kommuneplanen er den overordna planen for Vindafjord kommune. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Det er i kommuneplanen vi seier noko om kva vi vil oppnå og kva retning kommunen som organisasjon skal arbeide etter.

Det er eit eige kapittel om kommuneplan i plan- og bygningslova. I lovkommentaren vert følgjande presisert: «Kommuneplanens samfunnsdel skal være grunnlag for sektorenes planer og virksomhet i kommunen. Den skal gi retningslinjer for hvordan kommunens egne mål og strategier skal gjennomføres i kommunal virksomhet og ved medvirkning fra andre offentlige organer og private.»

Lovkommentarane peiker på fleire negative konsekvensar dersom ein lagar sektorplanar som ikkje er forankra i kommuneplanen. Svakare politisk retning for kommunen si utvikling. Mindre forutsigbare rammevilkår både for sektorane og innbyggjarane. Ein kan koma i ein situasjon der det blir uklart kva plan som eigentleg gjeld. Det er dette som er i ferd med å skje med barnehage- og skulebruksplan. 

Kommunedirektøren har med andre ord fått lov til å køyre ein prosess i strid med vedteken kommuneplan og dermed i strid med intensjonane i plan- og bygningslova. At kommunedirektøren på denne måten får lov til å drive politikk er beklageleg. At det skjer i utakt med vedtekne lovar og overordna planar er alvorleg.

Så langt er prosessen ikkje handsama i kommunestyret. Vindafjord SV har reist interpellasjon til møtet 27. oktober om at politisk nivå må få bidra med utgreiingsønske og innspel om feil og manglar allereie før jul, i forkant av folkemøta etter årsskiftet. Bygdelista kjem sjølvsagt til å støtte dette. Dersom kommunestyret ikkje tek denne sjansen til å få planprosessen inn på eit demokratisk spor kan det styre kommunen ut i planløysa. Det er ikkje ansvarleg politikk.

Kristian H. Resset
Bjoa bygdeliste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload