Skulesaka: Oppmoding til formannskapet
Formannskapet i Vindafjord skal tysdag 13. oktober 2020 handsame framlegg til oppdatert tidsplan i saka om barnehage- og skulebruksplan. Kommunedirektøren foreslår at folkemøte berre blir halde i dei tre bygdene der Norconsult ikkje har foreslått skulenedlegging.

Grunna koronasituasjonen vil høvet til å delta på møta bli avgrensa. Dermed blir det ekstra viktig at ein ikkje må kjempe om plassen på slike møte med innbyggjarar frå andre bygder. Det er viktig at det er den einskilde skule og barnehage konkret som blir einaste tema på møta.
Bygdelista har ikkje representasjon i formannskapet. Vi har difor retta ei oppmoding til medlemmene i formannskapet om å sikre folkemøter i alle dei ni bygdene i Vindafjord.
Oppmoding i høve FS-sak 063-20 – Tidsplan barnehage- og skulebruksplan
Sendt som e-post til alle medlemmene i formannskapet, med kopi til SV og MDG 11.10.2020
Til medlemmene i Vindafjord formannskap
(kopi MDG, SV)
Eg syner til kommunedirektøren sitt framlegg om oppdatert tidsplan for prosessen fram mot barnehage- og skulebruksplan. Kommunedirektøren ønsker at det berre blir halde folkemøte i Ølen, Skjold og Vikedal.
Formannskapet sende i forrige møte ut eit signal om at ein ønska ein lenger prosess, nettopp for å sikre auka involvering frå innbyggjarane. Kommunedirektøren sitt framlegg til prosess medfører at det ikkje vil bli halde møte i dei bygdene der skular er foreslått nedlagde.
Kvar skule er handsama for seg i rapporten. Innbyggjarane i Vindafjord bør få høve til å stille spørsmål og få svar som gjeld deira eigen skule konkret utan å måtte konkurrere både om plass og tid med andre.
Å legge til rette for folkemøte i alle dei ni bygdene er det minste ein bør investere i dersom ein ikkje for alvor skal rive vekk tilliten til at det faktisk er ønskeleg med ein demokratisk prosess med reell involvering frå innbyggjarane.
Eg har tru på at formannskapet såg for seg ei breiare og betre involvering då vedtaket vart gjort på forrige møte enn det kommunedirektøren no legg opp til. Eg vil difor på det sterkaste oppfordre formannskapet til å gå inn for folkemøte i alle dei ni bygdene våre.
Kristian H. Resset
Bjoa bygdeliste