Norconsult: Skuleskyss
Over ei faksimile frå grannar.no 6. oktober 2020. Sjølv røynde yrkessjåførar kan få utfordringar på Vikevegen. Vi får tru at vi kan sleppe å få sjå ein full skulebuss i same situasjon. Kanskje som eit resultat av at sjåføren prøver å gjere unna strekninga Vik skule – Skjold skule på Norconsulttid (15 minutt).
Barnehage- og skulebruksplan 2020/2021: Lang skuleskyss, særleg for dei minste, er problematisk. Dette er ei utfordring det har vore forska på. Norconsult tok sjølv opp dette som eit avgjerande punkt då dei presenterte løypemelding i juni 2020, men omgår å handsame konsekvensane i rapporten.
Auke i reisetid – ein alvorleg konsekvens
Undersøkingar syner at lang reisetid til og frå skule verker negativt inn på læringsevne og -motivasjon, særleg hos dei yngste. I tillegg går dette utover trivnad og i kva grad ein får høve til drive fritidsaktivitetar etter skuletid.
Lang skoleskyss påvirker elevenes trivsel på skolen. Det viser en spørreundersøkelse blant elever som har opplevd en skolenedleggelse.
Roar Amundsveen, forsker, Nordlandsforskning
- Lang reisetid reduserer både trivnad og læringsevne
- Norconsult har sagt at dette er viktig, men tar det ikkje opp i rapporten
- Rapporten syner berre misvisande auke i reisetid frå eksisterande skular
- Administrasjonen i Vindafjord har ikkje lagt fram noko utover rapporten
- Konsekvensane ved auke i reisetid er ikkje utgreidd/risikovudert
Kva seier regelverket?
Det er kommunen som avgjer kva som er akseptabel reisetid. Dette er ikkje lenger spesifisert i lova. Det er dermed politikarane lokalt som avgjer kva som skal vera akseptabel reisetid i vår kommune.
Reglement for skuleskyss 2016-2020 i Vindafjord kommune seier ikkje noko om reisetid, sidan dette har vore eit mindre relevant tema med ein desentralisert skulestruktur. I våre bygder har temaet farleg skuleveg og om dette skal utløyse skyss vore ei meir sentral problemstilling. Med reisetid meiner ein dør-til-dør, altså summen av gangtid, ventetid og faktisk skysstid.
5.1 Hva er akseptabel reisetid?
Frå Utdanningsdirektoratet sitt rundskriv Udir-2-2019 “Retten til skoleskyss”
Skoleskyss må organiseres slik at eleven får en akseptabel reisetid. Dette følger av forarbeidene til loven. I vurderingen av hva som er akseptabel reisetid må gangtid og tid med transportmiddel sees i sammenheng. Det må også tas med hvor lang ventetid eleven har før og etter skolen. Det er altså den totale tiden som eleven bruker fra han eller hun drar hjemmefra og til opplæringen starter, og fra opplæringen er slutt til eleven er hjemme om ettermiddagen som utgjør den samlede reisetiden. Det er særlig viktig å organisere skyssen for de som går på første trinn slik at reisetiden blir så kort som mulig.
Kommunen kan gi retningslinjer for hva som vil være akseptabel reisetid, men disse vil kun være et utgangspunkt for den videre vurderingen.
Hensynet til at eleven får tilstrekkelig fritid og tid hjemme taler for å avgrense reisetiden så mye som mulig. Hensynet til effektiv og rasjonell organisering av skyssen kan på den annen side tilsi at alle elever må godta en viss reisetid.
Kva seier rapporten?
Norconsult tok opp problematikken rundt reisetid i løypemeldinga si for kommunestyret i juni 2020 (spel av videoen for å høyre).
Dette kapittelet i rapporten er berre på tre sider. Sjå kap 4.6, side 72-74.
Terje Gregersen, Norconsult orienterer kommunestyret 22.06.20.
I løypemeldinga si i juni vektlegg konsulenten at dette er eit risikoområde.
Og de skolene og de strukturene som gir lengst reisevei for elever, så opplever vel vi at dette er den største akilleshælen i forhold til “go” eller “no go” i valg av alternativ.
Terje Gregersen, Norconsult i løypemelding til Vindafjord kommunestyre 22.06.2020.
Hvis reisetida er uakseptabel og reiseveien også er delvis utrygg så er det beveggrunner for å si stopp og si at -nei, det valget bør vi kanskje ikke ta.
Og spesielt gjelder det for de minste elevene.
I rapporten som kom i august tek imidlertid ikkje Norconsult omsyn til si eiga bekymring. Kapittelet om skuleskyss og avstandar er i hovudsak sitat frå lovverk om retten til skuleskyss. Norconsult sitt foreslåtte alternativ (3 kombinerte skular i Ølen, Skjold og Vikedal) gjev lang reiseveg, særleg for elevane i Imsland, Vik, Vats og på Bjoa. Skuleskyss som problem går rapporten ikkje nærare inn på. Derimot lagar dei interessante døme på tilleggsreisetider, mellom anna på barnetrinnet:
I denne planen er det særleg elevar i Imsland, Vats, Vik og Bjoa skulekrinsar som får dei lengste reisevegane.
Norconsult: “Barnehage- og skulebruksplan 2020-2035”, kapittel 4.6, side 72-74.
Eventuelle tilleggsreiser på barnesteget
• Tilleggsreisa frå Bjoa skule til Vågen skule utgjer 13 km og om lag 15 min.
• Tilleggsreisa frå Vikebygd skule til Skjold skule utgjer 14 km og om lag 15 min
• Tilleggsreisa frå Vats skule til Skjold skule utgjer 12 km og om lag 12 min.
• Tilleggsreia frå Imsland skule til Vikedal skule utgjer 9 km og om lag 9 min
• Tilleggsreisa for Sandeid til Vikedal utgjer 7 km og om lag 8 min.
Avhengig av kor elevane bur i krinsane, er det Bjoa, Vikebygd og einskilde elevar i Imsland krins som får lengst reiseveg i dei alternative strukturmodellane.
Norconsult har her brukt Google Maps til å rekne køyretid og har av ein eller annan grunn valgt personbil som køyretøy i staden for kollektivtrafikk, noko som hadde gitt eit mindre feil bilete på auka skysstid. Det er usikkert kvifor Norconsult vel å syne skysstid Bjoa-Vågen all den tid deira forslag er at både Vågen og Bjoa skal til Ølen. Kanskje det berre er for å syne så kort tilleggstid som mogleg.
Mangelfull utgreiing
Uansett kjelde blir det berre teori å ta utgangspukt i noverande situasjon. Ein skulebuss som skal ta med alle ungane frå ein nedlagt skulekrins får sjølvsagt langt fleire stopp enn i dag og vil bruke lenger tid. Erfaringsmessig skal det òg lite til før bussen på mange av rutene blir forsinka. Alle Kolumbus sine noverande skuleruter ligg tilgjengeleg på nett, både for Norconsult og andre.
Døme på underrapportering av tilleggsreisetid i rapporten
Tilleggsreise Bjoa skule – Vågen skule rekna med ulike kjelder:
– Norconsult: 15 minutt ein veg
– Google Maps, kollektiv: 23 minutt ein veg
– Kolumbus skulerute: 20 minutt til/frå Vågen kryss ein veg
(gir ekstra gangtid opp til skulen, minst 5 minutt)
Ein må anta at turen Bjoa-Vågen tar minst 5 minutt ekstra i høve til dagens rute dersom alle elevane frå og med Bjoa krins skal gå på og av undervegs. Kolumbus si skulerute bør vera den sikreste kjelda til faktisk skysstid.
Eit moderat reknestykke blir då 30 minutt tilleggsreise til Vågen frå Bjoa skule. Det gjev til saman 60 minutt lenger reisetid kvar dag. Dette er altså tider som kjem i tillegg til reisetida dei fleste elevane har frå før. Dei fleste elevane på Bjoa har reisetid før dei kjem så langt som Bjoa skule. Det er difor fort snakk om ei total reisetid på omlag 1,5-2 timer kvar dag. Gang- og ventetid avhengig av busituasjon samt lenger køyretid grunna ruteopplegg skal reknast inn i reisetida.
At Norconsult reknar same tilleggstid frå Vik skule til Skjold skule, altså 15 minutt ein veg, treng ingen ytterlegare kommentar for dei som er kjent med vegstandarden på Vikevegen.
Dei fleste vegane elevane bur langs i Vindafjord er såpass farlege at det utløyser rett til skuleskyss. Dette gir eit auka behov for påkoblingsruter, alternativt at rutene skal dekke sidevegar og dermed auker skysstida i stort monn.
Auke i skuleskyss og reisetider er med andre ord langt meir komplisert enn Norconsult sitt lettvinte oppsett. For å spare pengar har ein allereie i dag ruter der elevar må bli med i motsatt retning for å sette av andre før dei kjem dit dei skal.
[Forsker Karl Johan Solstad] nevner ryggplager, stivere hofteparti, hodeverk og kvalme som helsemessige konsekvenser av skyssordningen.
– De plagene du har i ungdomsårene har lett for å vedvare, viser forskning. Både når det gjelder fedme og ryggplager. Dette koster mye på helsebudsjettene, og kan gi store økonomiske konsekvenser på lengre sikt.NRK Nordland: “Forsker om skoleskyss: – Negativt for barnas helse” 24.03.2016
Vurdering av kommunen sine kostnader på dette området er ikkje skikkeleg utgreia av Norconsult. Mobbing, fysiske plager og redusert trivnad kan føre til helsemessige problem elevane dreg med seg inn i vaksen alder. Dei kronene kommunen kortsiktig sparer på skulenedlegging kan koma att på helseområdet og gi kommunen auka driftsnivå på sikt.
Kven skal ha oppsyn med dei minste i løpet av 1-2 timer reisetid kvar dag – bussjåføren? Elevar som får innvilga følgje av assistent på bussen kan auke kostnadene stort. Dette må kommunen betale.
Ille er det også at miljøet for læring vert forringa når trivnaden går ned og elevane møter trøytte og umotiverte på skulen, slik forskinga syner.
Kort oppsummert er dette viktige temaet ikkje utgreidd eller risikovurdert tilfredsstillande og det bør absolutt koma meir informasjon på bordet før ein auker reisetida for hundretals elevar rundt om i Vindafjord.
Har du innspel eller sit på informasjon som kan vera nyttig, nytt gjerne kommentarfeltet.