Om Bjoa bygdeliste

Bygdelister/tverrpolitiske lister har lang tradisjon i tidlegare Ølen kommune og no i nye Vindafjord. I alle kommuneval sida andre verdskrigen har kommunestyret hatt representasjon av lister som ikkje tilhøyrer politiske parti.

Bjoa bygdeliste har vore einaste partiuavhengige liste ved kommunevala i Vindafjord sidan 2007. At lista framleis har oppslutning er eit uttrykk for at lokalpolitikk i stor grad handlar om geografisk identitet og, diverre, skilnader innad i kommunen. Ved valet i 2015 fekk Bjoa bygdeliste røyster i alle dei 9 bygdene i kommunen. Bygdelista har som grunnlag for sin politikk at sentralisering ikkje skal vera ein naturlov, og at alle bygdene i kommunen skal vera attraktive å bu i. Vi er dermed ei liste for alle bygdene i Vindafjord, noko vi har synt gjennom praktisk politikk i mange valperiodar.

Bygdelista har i periodane 2011-2015 og 2015-2019 vore representert i kommunestyret med Kjartan Innbjo, som òg har vore leiar i utval for drift, utvikling og kultur (DUK) i båe periodene. Han var i perioden 2007-2011 nestleiar i DUK og var i delar av perioden fast medlem i formannskapet.

Kristian Haraldson Resset representerer BBL i kommunestyret og er leiar av kontrollutvalet i Vindafjord for perioden 2019-2023. Han har vore vara til kommunestyret dei siste to periodane. 2011-2015 var han i tillegg fast medlem av utval for oppvekst og omsorg (OPOM) og i perioden 2015-2019 har han vore fast medlem i kontrollutvalet.

Tormod Sandsgård er 2019-2023 fast medlem av utval for oppvekst og omsorg (OPOM). Han er i tillegg vara til kommunestyret, noko han og har vore i perioden 2015-2019.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

Thank you for your upload