Bygdelista har førebels plass i neste kommunestyre

Når 99,2% av listerøystene i Vindafjord er telte opp, er Bjoa bygdeliste framleis inne med ein representant i kommunestyret. Utover natta vil personstemmer og slengjarar blir fordelte og endeleg mandatfordeling rekna ut.

Senterpartiet og Venstre er vinnarane i valet. Sp ligg no an til å få 10 plassar i kommunestyret, to fleire enn før. Venstre ser ut til å få to representantar etter å ha vore ute av Vindafjordpolitikken lenge. Høgre og Ap er taparane og misser hhv. 2 og 1 mandat, FrP ser òg ut til å misse ein representant, men er av dei som ligg best an til å redde dette om fintellinga gir nokre ekstra røyster. KrF og SV ligg stabilt på same nivå som sist, med ørliten framgang for begge partia.

Bygdelista har førebels 3,6% og går attende til omlag same resultat som i 2007 (3,7%), men dette kan framleis halde til ein representant. Det er spesielt heimebanen, Bjoa valkrins som står for bygdelista sin nedgang. Slik fordelar listerøystene seg:

Parti Forhånds-
stemmer
Valgtings-
stemmer
Sum talte
stemmer
Endring ift
K2011
SSB Prognose
Ant % Ant % Ant % % % Mand Endr
Ap 62 11,2 375 11,8 437 11,7 -5,0 11,7 3 -1
SV 29 5,2 137 4,3 166 4,5 0,3 4,5 1 0
Sp 212 38,3 1 285 40,3 1 497 40,2 8,4 40,2 10 2
KrF 67 12,1 348 10,9 415 11,1 0,3 11,1 3 0
V 48 8,7 253 7,9 301 8,1 8,1 8,1 2 2
H 66 11,9 386 12,1 452 12,1 -9,1 12,1 3 -2
Frp 53 9,6 273 8,6 326 8,7 -2,2 8,7 2 -1
BBL 14 2,5 119 3,7 133 3,6 -0,8 3,6 1 0

Kjelde: pollofpolls.no

No skal drøyt 50 røyster som er avgitt i andre krinsar enn der røystaren høyrer heime fordelast, samt at jobben med å telje opp personrøyster og slengjarar (personstemmer til kandidatar på andre lister enn den ein har røysta med) vil halda på ei stund utover natta. Det er venta endeleg resultat omkring kl 03.00 i natt. Valdeltakinga ser ut til å lande på skuffande 58,3%.

Før fintellinga er dette stillinga i høve til å vinne eller misse mandat. Bygdelista er nærast å misse sin plass, med berre 34 røysters margin, medan FrP er nærast å ta eit mandat:

Parti Stemmetall For å vinne mandat For å miste mandat
Ap 437 115 81
H 452 100 96
Frp 326 68 113
SV 166 71 67
Sp 1 497 158 143
KrF 415 137 59
V 301 93 88
BBL 133 104 34

Kjelde: pollofpolls.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.