Posisjonane er fordelte i Vindafjord

I dag signerte Bjoa bygdeliste avtale om å vera del av styrande koalisjon i fire nye år. Dei andre partane i avtala er Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti.

Ordførar- og varaordførarverva vart gjort opp mellom Sp og KrF utan innblanding frå andre på valnatta. Til saman har desse to partia knappast mogleg fleirtal, 13 av 25 representantar i kommunestyret. For å styrke posisjonen vart Bjoa bygdeliste saman med Venstre og SV inviterte til samtalar om samarbeide. Etter fleire forhandlingsmøte er det i dag signert avtale.

Laust samarbeide på politisk del
Samarbeidet er tufta på at koalisjonen skal samarbeide tett når det gjeld årsbudsjett og økonomiplanar samt kommuneplanar og viktige strategidokument. Utover dette skal ein freiste å finne saman frå sak til sak, og avklare der prinsippielle standpunkt skil seg frå andre i koalisjonen, men elles utan sterke bindingar i det politiske. Det kan dermed bli fire spanande år i Vindafjordpolitikken.

Kjartan Innbjo (BBL) held fram som leiar av DUK i fire nye år.
Kjartan Innbjo (BBL) held fram som leiar av DUK i fire nye år.

Bjoa bygdeliste leiar DUK
For bygdelista sin del inneber avtala at Kjartan Innbjo held fram som leiar i utval for drift, utvikling og kultur (DUK) i tillegg til fast plass i kommunestyret. Dette blir hans tredje periode i utvalet og den andre perioden som leiar. Koalisjonen får 5 av 7 plasser i DUK ved at Venstre og KrF får ein plass kvar i tillegg til 2 representantar frå Sp.

Venstre inn i formannskapet
Rune Hetland frå Venstre får fast plass i formannskapet. SV blir 1. vara til denne plassen, 2. vara blir BBL og V får 3. vara. Det ligg då an til at koalisjonen får 6 av dei 9 plassane i formannskapet, med KrF (1) og Sp (4) i tillegg.

KrF leiar framleis OPOM
Utval for oppvekst og omsorg skal framleis bli leia av KrF medan SV får nestleiaren. Med 3 frå Sp i tillegg vil koalisjonen sitje med 5 av i alt 7 plassar i utvalet. Bygdelista misser Kristian Resset sin faste plass i utval for oppvekst og omsorg, han får plass i kontrollutvalet denne perioden, i tillegg til å vera 1. vara til kommunestyret.

Grei uttelling for BBL
Bjoa bygdeliste gjekk relativt klårt attende frå forrige val. Me sit etter valet i 2015 ikkje på vippen slik me gjorde sist. Med framleis leiarskap i DUK og ein plass i kontrollutvalet, meiner me at me har fått heilt grei posisjon i høve til valresultatet. Det ligg sjølvsagt ein verdi for Senterpartiet i å ha ein breiare allianse enn berre å satse på knapt fleirtal saman med KrF, men me meiner ikkje me kunne krevje fleire posisjonar enn det me har fått. Viktigast for oss er å levere i den politiske kvardagen som snart tek til for denne perioden.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.