Kvifor skal kvar bygd ha sin eigen skule?

Bjoa bygdeliste går til val på å sikre barneskule i alle dei ni bygdene i Vindafjord. Det inneber at dersom foreldra vil ha skule, så skal det vera skule. Dette gjeld også i den vanskelege økonomiske situasjonen kommunen er i no – skulestrukturen skal prioriterast. Denne artikkelen forklarer kvifor.

Bjoa bygdeliste vil gi alle bygdene tilbod om skule på barne- og mellomtrinn fordi:

  • Noverande skulestruktur gir dokumentert godt læringsmiljø og læringsutbytte
  • Lokal skule er eit viktig argument for tilflytting og at folk blir buande i ei bygd
  • Auka bruk av skuleskyss vil gi auka kommunalt byråkrati og auka kostnader – uansett om fylket betaler sjølve skyssen
  • Det er rom for å redusere økonomisk forbruk innan skule og oppvekst utan å endre på sjølve strukturen

Skulestruktur og læringsutbytte
Ein del av skulane våre er små. Politikarar som synst at skular bør leggjast ned – helst andre stader enn der dei bur sjølve – syner ofte til at dei vil ta ei avgjerd basert på kva “fagfolk” seier.  Innafor skule og læring er forskinga rimeleg eintydig på at storleik på skule og/eller klasse har lite å seie for læringa. Det er pedagogisk metode og relasjonen mellom lærar og elevar som avgjer dette.

Bjoa – ein av dei små skulane i Vindafjord.
Foto: Vindafjord kommune

Skulene i Vindafjord har dei siste fem åra nesten utelukkande skåra likt eller bedre enn Rogaland elles og landssnittet på elevundersøkinga. Altså har vi eit tilfredsstillande læringsmiljø sett frå elevsida. Når det gjeld læringsresultat har meistringsnivåa på nasjonale prøver og eksamensresultata frå 10. klasse syner at vi ligg på eller framom snittet i t.d. norsk muntleg og matematikk (Kjelde: Skoleporten).

Vindafjordskulen er altså like bra, og på enkelte område betre, enn snittet i fylket og landet elles. Ein må jobbe med utvikling og forbetring her som i alle andre kommuner, men det er ingen grunn til å hevde at noverande struktur og elevtal fører til dårlege læringstilhøve.

Når det er sagt, så kan det vera utfordrande sosialt med eit veldig lite skulemiljø. Her er det heller ingen fasit, mange hevdar at å gå på ein liten fleirdelt skule har vore ein kjempekjekk del av oppveksten. Andre føler at det var godt å koma over på større ungdomsskule og få seg nye og fleire vener. Foreldre og elevar er dei som kjenner best på dette, bygdelista vil gi dei tilbodet om skule så lenge dei vil ha det sjølve.

Rekruttere og halda på innbyggjarar
Skule eller ikkje har mykje å seie for folketalet i ei bygd. Ein treng ikkje leite verken i nasjonal eller regional forsking. Det held lenge å høyre på mange av dei som har flytta til/attende til Bjoa dei siste 20 åra, der meldinga er klår og grei: At det er skule i bygda er ein viktig føresetnad for at ein ville flytte hit. Dette gjeld sjølvsagt for dei andre bygdene òg.

Klassisk døme på det gode liv i ei Vindafjordbygd.
Foto: Yury Z.

Skatteinntekta var for Vindafjord 111.900,- pr. skatteytar i 2017 (Kjelde: KommuneProfilen). Det betyr altså at dersom ein familie der begge foreldra er i arbeid flytter frå kommunen, tapar kommunen drøyt 200.000,- i årleg inntekt direkte. I tillegg kjem følgjekostnadene som sjølvsagt er vanskelege å talfeste, men det er naivt å tru at dei ikkje er betydelege.

Dersom ein legg ned skulen i ei bygd, må ein forvente tap i folketalet i større skala. Då dreier det seg fort om både ein og to og tre millionar på sikt. For det er ingen automatikk i at folk som har søkt det gode liv på Bjoa, i Vikebygd eller Imsland flyttar inn til Ølen eller ein annan tettstad dersom det blir for lite attraktivt å bu der dei bur. Helst tar dei skattepengane sine med seg til ein annan kommune.

Skuleveg og skuleskyss
Dette er eit viktig tema i høve til sentralisering av barneskular. Enkelte sentraliseringskåte kommunepolitikarar synst auka bruk av skuleskyss er heilt greit, for det er jo fylkeskommunen som betaler. Ja, det spørs heilt korleis ein sentraliserer, det, og kva behov elevane har. Det er skulen, altså kommunen, som har ansvaret for elevane undervegs til og frå skulen. Kven skal handtere problematikk rundt mobbing og elevar med særskilte behov – bussjåføren? Sjølvsagt ikkje. Risikoen då er behov for kommunalt tilsette assistentar som må følgje skulebussane, morgon og kveld.

Skuleskyss kan bli dyrt for kommunen – sjølv om fylket betaler sjølve skyssen. Foto: Vindafjord kommune

I tillegg ligg det ei heil rekke høve til å søke om særskilt tilrettelegging, unntak frå skuleskyssreglementet, osb. Ved ein storstilt auke i bruken av skuleskyss vil og talet på slike søknader frå føresette skyte i veret. Desse er det skulane og kommunen som må handsame i første linje. Dermed veks byråkratiet og dermed kostnadane.

Skuleskyssreglementet i Rogaland opnar for at 1.-4. klasse kan ha opp til 45 minutt reiseveg. Ein veg. Dersom ein faktisk skal endre skulestrukturen slik at det monnar økonomisk, ja då må vi tenke stort. Da blir det fort knapt 2-3 barneskular og berre ein ungdomsskule i heile kommunen. Både Ølen, Vikedal og Skjold er bittesmå skular i eit nasjonalt perspektiv. Bjoa bygdeliste vil ikkje stå inne for å skysse 6-åringar med buss i opptil 1,5 time kvar dag.

Det er rom for sparing – utan å endre strukturen
Innafor dagens skulestruktur er det framleis mogleg å spare inn økonomisk. Det er ikkje sjølvsagt at alle skular skal vera sjølvstendige administrative einingar med eigen administrativ leiar.  Så lenge det er ein pedagogisk ansvarlig lokalt, meiner bygdelista at ein må kunne la fleire skular ha same rektor. Vidare må vi sjå på pengebruken rundt undervisningsmateriell. Det er ikkje sikkert vi skal koste på oss den luksusen det er å utstyre ungar med eige nettbrett og eigen bærbar PC slik som no. Personleg datautstyr er ikkje naudsynt for godt læringsutbytte. Dette veit ein, ganske enkelt fordi alle generasjonar før oss har blitt både nobelprisvinnarar og forskarar i verdsklasse utan slik tilgang. Ein skal sjølvsagt nytte digitale hjelpemiddel på skulen – men må kvar elev ha dette personleg?

Har vi råd til å la alle elevar i skulen ha eige  personleg datautstyr? Foto: DinSide

Kommunen er pålagt å følge opp lærarnorma – her ligg ein stor del av kostnaden i skulen låst. Norma seier noko om kor mange lærarar du skal ha i høve til talet på elevar. Det betyr at det blir mindre spareeffekt ved å leggje ned skular og flytte elevane saman i større einingar. Det blir like mange elevar totalt og dermed like mange lærarlønningar.

Bjoa bygdeliste meiner det er store pengar å spare på å koma i gang med skikkeleg internkontroll i Vindafjord kommune. Forvaltningsrevisjonar har  i mange år synt at dette er ein svake på i denne kommunen. Grunnlaget for god og kostnadseffektiv tenesteyting, anten det er skule eller omsorg, ligg i at ein har styring med og oversyn over økonomien. Forbetringsarbeide på dette området generelt vil også føre til betre utnytting av ressursane innan skulesektoren.

 

Én kommentar til «Kvifor skal kvar bygd ha sin eigen skule?»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.