SFO engasjerer i Vikedal

Laurdag 27. august starta bygdelista valkampen 2011. Saman med dei andre listene i Vindafjord hadde vi stand ved den nye idrettshallen i Vikedal. At vi var til stades i Vikedal er eit ønske om å signalisere at bygdelista arbeider for dei som bur i alle bygdene i Vindafjord, ikkje berre Bjoabuen.

Listetopp Kjartan Innbjo på stand for Bjoa bygdeliste i Vikedal 27.08.2011. Foto: Kristian Resset.

Det vart arrangert aktivitetsdag i den flotte nyopna idrettshallen denne dagen, så det var rikeleg med folk som trossa regnveret. Frå bygdelista deltok listetopp Kjartan Innbjo og 3. kandidat Kristian Resset.

Ein av dei store gevinstane ved å stå på stand er ikkje berre at ein får høve til å presentere sakane sine for veljarane i Vindafjord. Like verdifullt er det å få innspel på kva folk i bygdene er opptekne av, og vi hadde fleire interessante ordskifte. Det er slåande at det er dei same sakane vi er opptekne av, enten vi bur på Bjoa eller i Vikedal, Imsland og Sandeid.

SFO er aktuelt tema
Denne dagen vart det spesielt skule og SFO folk var interesserte i å prate om. Tilbodet om SFO frå 7.30-16.30 kan bli snaut for travle yrkesaktive foreldre dersom dei har noko køyreveg til og frå jobb. At enkelte bygder ikkje har lokalt tilbod om SFO på onsdagar legg eit ytterlegare press på å få kabalen til å gå opp i ein travel kvardag. Bruken av fasilitetane i den gamle barnehagen rett ved skulen i staden for skulegymsalen vart og nevnt som innspel til forbetring av SFO-tilbodet i Vikedal.

Bygdelista om SFO
Bjoa bygdeliste er opptatt av at både barnehagedekninga og SFO-tilbodet må vera tilstrekkeleg der folk bur. Meldingar attende frå foreldre tyder på at ein ofte søker om mindre SFO-tid enn ein faktisk treng fordi ein får signaler frå skule og/eller kommune om at ein neppe får meir. Slik må det ikkje vera. Bygdelista vil i forkant av neste skuleår sørge for ein gjennomgang av rutinene ved informasjon om og tinging av SFO-plass slik at det faktiske behovet blir avdekka slik at tilbodet i størst mogleg grad er tilpassa dette.

Sjå og: Skulefritidsordning (SFO) – Vindafjord kommune

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.