Heller eigedomsskatt enn auka gjeldsvekst

Bjoa bygdeliste går til val på å halde på eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader neste fireårsperiode. Dette vil gi betre vinst i høve til kostnadane med å innføre skatten i 2010, og er med på å redusere nedbetalingstida på lån og minske trykket på å auke gjelda til Vindafjord kommune.

Føresetnaden for å vidaføre eigedomsskatten er at skattenivået ikkje blir auka og at bruken  som no går til styrking av kommunen sin økonomi i høve til gjeld og investeringsevne, ikkje til direkte dekking av driftsutgifter.Vindafjord kommune hadde i 2010 ei netto lånegjeld på oppunder 294 millionar, altså over kr. 35 000,- pr. innbyggjar.  Dei siste tre åra (2008-2011) har det vore store investeringar i barnehagar, kommunale bustader, grunnskulen i samferdsle.

Netto utgifter til avdrag i 2010 var 13,8 millionar. Eigedomsskatt på næring, bustader og fritidsbustader utgjorde omlag 2,5% av kommunen sine brutto inntekter i 2010 med totalt 13,2 mill. Vindafjord sitt avgiftsnivå ligg midt på treet samanlikna med andre kommunar og eigedomsskatten er i snitt lågare enn dei fleste andre årlege avgiftene.

Avgiftsfakta Vindafjord (nrk.no – 23.08.2011)
Årsgebyr for vannforsyning: 2057 kr.
Årsgebyr for avløpstjenesten: 3233 kr.
Årsgebyr for avfallstjenesten: 2315 kr.
Årsgebyr for feiing og tilsyn: 340 kr.
Bare kommunale avgifter: 7945 kr.
Eiendomsskatt fra KSE: 1900 kr.
Sum avgifter og eiendomsskatt: 9845 kr.
Ranking av 430 norske kommuner: 205
Innbyggere: 829

 

Vi veit at behovet for nye store investeringar vil koma i framtida, og bygdelista meiner at kommunen må ha ein økonomisk ryggrad som kan gjera oss i stand til å møte utfordringane med kreativitet og handlerom til gode løysingar. Alternativet er ein situasjon der all debatt dreier seg om kva ein skal kutte ned på og kva bygder som skal få dårlegare vilkår.

Å halde på eigedomsskatten dei neste fire åra gir oss dette handlerommet, og tid til å gå sider ved kommunedrifta nærare i saumane. Nedbetaling av gjeld og avsetting av midlar til fond gjer oss mindre avhengig av låneopptak i framtidige investeringar. Bygdelista er ikkje i tvil om at kritiske områdevise gjennomgangar vil synleggjere potensiale for effektivisering og innsparing som ikkje treng å gå ut over kvaliteten på tenestetilbodet.

Ei rask avvikling av eigedomsskatten allereie neste år vil plassere kommunen i ein økonomisk situasjon som ingen av dei andre partia har kome med kronkrete svar på korleis ein skal handtere på godt vis. Folk i bygdene vil da fort kunne misse meir og viktigare ting enn eit par tusenlappar i året.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.