Ro rundt skulane i Vindafjord

Det politiske innhaldet i fleirtalssamarbeidet mellom Bjoa bygdeliste, SV, KrF og Sp i Vindafjord vart formalisert i møte 19. september 2011. Ei av dei viktige sakene dei fire partia har einast om er å sikre oppvekstvilkåra i bygdene gjennom å halda på desentralisert småskulestruktur. Dermed blir det no ro rundt skulane i kommunen slik at fokuset kan rettast mot utvikling av innhald og kvalitet.

Imsland skule og dei andre småskulane i kommunen får arbeidsro i fire nye år. Foto: Rene K., panoramio.com

Etter kommunevalet i Vindafjord har Bjoa bygdeliste, SV, KrF og Senterpartiet eit knappast mogleg fleirtal i kommunestyret med 13 representantar mot Ap, FrP og Høgre sine 12. Det kjem neppe som noko stor overrasking at skulestrukturen er ei sak fleirtalskonstellasjonen har kunna samle seg om, men det er samstundes viktig at ein får signalisert tydeleg at det blir ro rundt skule- og barnehagetilbodet i fire nye år. Dette kjem klart til uttrykk i samarbeidserklæringa der det enkelt og greit står: Kommunen skal ha småskule, SFO og barnehage i kvar bygd.

Utan debatt om nedlegging av skular kan ein dermed konsentrere seg om å utvikle skulane våre, mellom anna gjennom oppfølging og kontinuerleg vurdering av tiltaksplanen som er vedteke for perioden 2011-2015. Planen set tydelege forventningar til målbare resultat og rapportering slik at ein på politisk nivå kan følge opp med den tilrettelegginga som er naudsynt for at elevar og lærarar skal kunne arbeide best mogleg i lag.

Som ein del av den felles politiske plattforma har ein og teke med prioritering av tidleg satsing på svake elevar. Arbeidet med Haugalandsløftet er førebels utsett noko i påvente av kva kommunar som forplikter seg til å vera med i prosjektet. Dersom prosjektet vil kunne bidra til det løftet for spesialundervisning og oppfølging av dei med særskilte lærebehov som det så langt har sett ut til å kunne gjera, vil Bjoa bygdeliste vera pådrivar for at dette blir politisk forankra i Vindafjord kommune. Voneleg vil ein da vera i gang med dette utviklingsarbeidet tidleg i 2012.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.