Bygdelista – for heile kommunen

Valkampen er snart over, og valdagen er her. Sjølv om vi i tida 2007-2011 har hatt god utteljing med nestleiarverv i utval for drift, utvikling og kultur, plass i formannskapet i ein del av perioden og i ein del sakar har vore i vippeposisjon, er kvart kommuneval enormt spanande for ei lita liste som vår.
Bjoa bygdeliste har foran dette valet lagt ekstra vekt på at vi i den praktiske politikken alltid har hatt auge for heile kommunen, og særleg vore ein motvekt til at sentralisering skal vera ein sjølvsagt ting. Som ei oppsummering publiserer vi her innlegget vårt i Grannar torsdag 8. september med ei von om at valdeltakinga på måndag vil ligge godt over dei 58% som røysta forrige gong.

Bjoa bygdeliste er no den einaste bygdelista i Vindafjord som ikkje gøymer seg bak ein partilogo til valet 2011. Vi
som står på lista er alle frå Bjoa, men arbeider for levande bygder i heile kommunen. Dette har vi bevist gjennom årelang
representasjon i noverande og tidlegare kommunestyre. Der andre overser detaljar i saker som kan slå negativt ut for bygdene, har vi ofte vore på plass og gjort dette synleg slik at vedtak ikkje har blitt fatta på sviktande grunnlag.

Dessverre har nedlegging av skular blitt tema i denne valkampen òg, sjølv om dette berre kjem frå nokre få som freistar å skape ein krisedebatt basert på enkeltresultat i nasjonale prøver. Å betre resultata i skulen er sjølvsagt eit konkret mål. Fleirtalet i kommunestyret vedtok i desember ein kvalitets- og tiltaksplan for 2011-2015 som set forventningar om resultat i skulen utan at  skulestrukturen endrast. Denne bør skulane no få arbeidsro til å følgje opp dei neste fire åra. Men noko krise er det ikkje.

Avgangselevane våre leverte i fjor karakterar over landssnittet i fleire fag og for grunnskolepoeng i år er snittet høgt samanlikna med både Rogaland og landet elles. Anerkjent internasjonal forsking avviser elles direkte samankopling mellom skulestruktur/-storleik og
læringsutbytte.

Vindafjord ligg godt framom snittet når det gjeld delen lærarar som har høgskole/universitet og pedagogisk utdanning. Dette bidrar til at lønnsutgiftene per elev er høgare enn i mange samanliknbare kommunar. Myten om monalege utgiftskutt ved skulenedlegging er ein sparebløff. Rekneskapen for grunnskulesektoren i Ølen kommune og «gamle» Vindafjord i tida rundt nedlegging av klassar på Bjoa, i Vik og i Vats syner at ein ikkje evner å hente ut særleg økonomisk vinst ved å flytte på elevar og lærarar.

Gode tenester og kompetente fagpersonar kostar, anten det er i skulen, innafor pleie og omsorg eller andre sektorar. Bygdelista har ikkje eit prinsipp om at eigedomsskatten skal bli varig, men meiner det er sunt folkevett å halde på han i komande periode. Føresetnaden er at han skal ha same nivå og formål som no – ein dugnad som sikrar raskare nedbetaling av kommunegjelda og sterkare investeringsevne med eigne middel. Same korleis samhandlingsreforma blir handtert vil dette bli ei økonomisk utfordring, og omsorgssektoren vår treng styrking med fleire fagstillingar.

Nokre parti meiner tydelegvis at å fjerne desse 1.900 kronene i snitt per år per innbyggjar er det viktigaste dei neste fire åra. Samstundes manglar det gode svar på kvar i driftsbudsjettet ein skal skjære ned for å få ut desse millionane kvart år. Hovudfinansieringa av framtidige investeringar er det då ikkje mange andre stader å hente enn i meir gjeld og dermed høgare avdragspost på budsjettet kvart år. Der bygdelista har vore rundt om i kommunen og prata med folk før valet, er inntrykket at det er politikarane som gjer eigedomsskatten til ei stor sak – ikkje folket. Faren er no at det i ein hestehandel om ordførarkjeda etter valet kan bli gjort avtaler som på sikt vil redusere berekrafta og gjera kvaliteten på tenestetilbodet i kommunen ringare.

Det har vore artig å høyre frå folk i alle delar av kommunen at dei er positive til valprogrammet vårt. Det stadfestar at det som er viktig for oss på Bjoa er det same som er viktig for folk i alle bygder, og saman er vi sterke. Alle vi som faktisk meiner at lokal skule og eit barnehage- og SFO-tilbod tilpassa behovet er viktige føresetnader for at folk skal flytte til, bli buande i, og koma att til heimbygdene våre. Vi som står på knallhardt for å få utbetra fylkesvegane og få skikkeleg standard på alle dei kommunale vegane. At eit behovsbasert og korresponderande kollektivtilbod må på plass. At vi no må få skikkeleg telekommunikasjon ut til alle, uansett kvar dei bur. At vi må styrke grendeutvala og stimulere lokal aktivitet slik at vi får eit allsidig aktivitets- og fritidstilbod for alle aldersgrupper i tillegg til den godt etablerte idretten vi allereie har.

Om du framleis er i tvil og helst liter på at den sentrale ideologien til det partiet som står deg nærast vil spegle seg att i lokalpolitikken, kan du likevel styrke arbeidet for levande bygder ved å gi oss personrøyster på den lista du nytter! Det viktigaste er tross alt at du røyster – så kan du med godt samvit uttale deg i tida etter valdagen og. Godt val.

Kjartan Innbjo (1. kandidat)
Kristian Resset (3. kandidat)
Bjoa bygdeliste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.