Dårleg butikk dersom Sp får ordføraren i Vindafjord
Ole Johan Vierdal (Sp) som ordførar i Vindafjord er det alternativet som gir dårlegast uttelling. Vel og merke for dei som driv med veddemål på nett.

No for tida kan ein visst spele om alt. Speleselskapet Betsson har sett opp odds slik at spelehungrige kan vedde på kven som blir ordførar etter valet 2015. I Vindafjord er det ikkje uventa sitjane ordførar Vierdal frå Senterpartiet som gjev lågaste odds, med 1.85 gonger innsatsen.
Det er eit tankekors at også lokaldemokratiet og politiske posisjonar har havna på listene til bookmaker-selskapa. Når valet er over og mandata fordelte er det jo helst gjennomslag for eigen politikk og løysingar til innbyggjarane sitt beste som bør stå i høgsetet. Kva om ein eller fleire medlemmer i eit forhandlingsutval har satsa pengar på kven som blir ordførar. Kan omsynet til personleg vinst styre kva ein jobber for skal bli den endelege kabalen, i staden for beste politiske resultat?
Vedding på nett kan vera uskuldig nok, og vi får tru det enno er litt att før gambling går foran personleg overtyding i politikken. Det har i år vore aktuelt med saker om kampfiksing, juks og korrupsjon innan idretten i media. Det vil vera lite triveleg om vi i framtida får saker der ordførarkjeda er seld “under disk”. La oss håpe at vi aldri kjem dit!
Bygdelista oppmoder difor om at ein, i staden for å vedde pengar på kven som blir ordførar etter valet, heller bruker pengane sine på noko fornuftig og bruker røysteretten til å røyste fram Bjoa bygdeliste i god posisjon etter valet. Det blir ein vinn-vinn-situasjon, det. 😉