Rådmannen i Vindafjord undergrev politisk vedtak

Vantru politikarar i utval for oppvekst og omsorg (OPOM) i Vindafjord fekk tysdag 24. august 2015 opplyst at kommunalsjefen hadde bede skulane i kommunen om å stogge skolefruktordninga. Ordninga er politisk vedteke, med midlar avsett på budsjettet ut 2015.

Rådmannen tok saka i eigne hender og ga stoppordre for skulefrukt

Det var i utvalsmøtet sist tysdag at spørsmålet kom frå ein av representantane i utvalet, som sjølv har ungar i skulen. Ved denne skulen hadde elevane kome heim med melding om at ein måtte ordne frukt sjølv inntil vidare. Kommunalsjefen stadfesta da at dei skulane som ikkje allereide hadde tinga frukt og grønt til ordninga skulle vente med dette til innsparingssaka var ferdig handsama i kommunestyret 8. september. Rådmannen i Vindafjord har foreslått å kutte ordninga, som ein del av fleire sparetiltak for å halda budsjettet i 2015.

Utval for oppvekst og omsorg (OPOM) er eit fast underutval under kommunestyret i Vindafjord og handsamar hovudsakleg saker som gjeld skular, barnehagar, helse og omsorg. Bjoa bygdeliste og samarbeidspartia Sp, KrF og SV har fleirtalet i Vindafjord. Kristian Resset er bygdelista sin faste representant i OPOM ved sidan av å vera vararepresentant til kommunestyret i inneverande periode.

– At rådmannen på denne måten undergrev politisk fatta vedtak er alvorleg på fleire plan, seier han. Skolefruktordninga kan vi alltid diskutere politisk, men det må vera eit ufråvikeleg prinsipp at rådmannen ikkje på eiga hand handler i strid med politiske vedtak og heller ikkje tek støtte til eiga innstilling på forskot. I denne saka blir det spesielt graverande all den tid det i gruppemøte er avklara at ordførarkoalisjonen ikkje vil bruke denne ordninga til å spare i 2015. Det er dermed sikra politisk fleirtal for at ordninga med gratis frukt og grønt til alle elevane på barne- og mellomtrinnet i Vindafjord held fram året ut.

I OPOM-møtet forklara kommunalsjefen handlemåten med at dersom det skulle bli noko sparing måtte ein sette i gang med dette tidleg. Bjoa bygdeliste legg vekt på at politiske vedtak må gjelde og følgjast opp inntil det ligg føre vedtak som seier noko anna. Dersom det skal sparast ved at ein kutter i midler som politikarane har øyremerka er det heilt uakseptabelt at rådmannen gjer dette utan politisk ryggdekning i form av vedtak.

Enkelte av skulane i kommunen hadde allereie tinga skulefrukt då kommunalsjefen kom med melding om stans. Ved desse skulane skal ordninga difor ha gått som normalt, medan det ved andre skular etter alt å døme ikkje har vore gratis frukt. Bjoa bygdelista har ikkje opplysningar om kor mange elevar som er råka av denne uheldige situasjonen eller kor lang tid enkelte skular kan ha hatt stans i ordninga.

Oppdatering: I formannskapet 25. august var det ikkje fleirtal for å halda på skulefrukta. Den ordninga koalisjonen innførte i budsjettet for 2015 ønsker KrF ikkje lenger å stå ved. Saka om innsparingstiltak vert endeleg avgjort i kommunestyret 8. september. Klikk her for å sjå saka med protokoll frå formannskapet og saksdokumentet til kommunestyret.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.