“Hemmeleg” sakliste før utvalsmøte

Til utval for drift, utvikling og kultur (DUK) sitt siste møte før valet er saklista lang og teller mange viktige og tunge saker. Dette er det imidlertid berre kommuneadministrasjonen og politikarane som veit. Måndag 24.08.14 klokka 9.00 er saklista ikkje publisert før møtet kl 14 same dag. 

2015-08-24-tom-sakliste-duk
Måndag 24. august kl 9 var det framleis ikkje publisert saker til DUK sitt møte kl 14 same dag.

Politikarane i Vindafjord leser stort sett sakene sine i ein politikarportal der vi logger inn. Her har sakene til DUK vore klare og tilgjengelege i over ei veke, og at desse sakene og er publisert på kommunen sine opne nettsider skulle vera sjølvsagt. For dei som vil sjå administrasjon og politikarar i korta, og som sakene vedrører direkte, er det imidlertid ikkje mogleg å lese saksdokumenta.

Bjoa bygdeliste ser alvorleg på at ålmenta dermed ikkje har kunne sette seg inn i rådmannen si utgreiing av sakene i høveleg tid før møtet. Skaden har allereie skjedd, men bygdelista har sendt e-post til kommunen og bede om at publisering skjer snarast. Vi har og bede om ei forklaring på bakgrunnen for ein slik glipp. Å publisere saker før opne politiske møte burde vera ei heilt rutinemessig oppgåve, og her må vi forebyggje at dette ikkje kan skje ved seinare høve.

Dette er ikkje ein bagatell. Mange politiske vedtak får store konsekvensar både økonomisk og personleg. Ofte kan det vera vinklingar eller informasjon i saksdokumenta som manglar og som partar eller andre intresserte kan sørgje for kjem til kjenne for politikarane. Bjoa bygdeliste har programfesta at vi vil arbeide for at dei politiske prosessane skal bli meir opne og at det skal bli enklare for innbyggjarane å involvere seg og påverke. Denne hendinga syner at det er behov for politikarar i denne kommunen som har dette fokuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.