Duka for debatt i Vindafjord
Dei ulike listene i Vindafjord skal krysse klinge med kvarandre i 3 politiske folkemøter før valet:
– Måndag 24. august, kl 19. Skjold Arena.
– Måndag 31. august, kl 19. Vikedal bygdahus.
– Måndag 7. september, kl 19. Ølen kulturhus.

På alle møta blir det i tillegg rikeleg høve for dei frammøtte å stille spørsmål frå salen.
BBL stiller sjølvsagt til alle debattane, enten med 1. kandidat Kjartan Innbjo eller 2. kandidat Kristian Resset.
Dette blir gode høve til å skaffe seg oversyn over kva dei ulike listene står for her i Vindafjord, så vi oppfordrar alle til å møte opp!