Valkampen 2015 er i gang

Laurdag 22.08 sette alle listene som stiller til val i Vindafjord kvarandre i stemne ved Ølen senter. Med dette er valkampen i gang. 

KrF og Sp okkuperte fotgjengarfeltet til senteret i rein valkampiver
KrF og Sp okkuperte fotgjengarfeltet til senteret i rein valkampiver. Her skulle ingen slippe unna…

God stemning og mange engasjerte senterkunder prega dagen. Mange nytta høvet til å høyre politikarane sine bodskap, men ikkje minst til å koma med eige syn både i enkelttema og på korleis kommunen blir styrt og dreve generelt. Den kommunale drifta var eit hyppig tema blant dei som snakka med oss frå Bjoa bygdeliste. Eit anna tema der mange hadde synspunkt er avstanden mellom politisk nivå og innbyggjarane generelt. Mange kjenner på at det ikkje er lett å halde seg orientert om kva som går føre seg, sjølv i ein kommune av moderat storleik, som vår.

Bjoa bygdeliste deler oppfatninga mange innbyggjarar har, at vi må sørge for meir opne og inkluderande prosessar fram mot politiske avgjerder. Dei som har interesser i, og blir berørte av politiske vedtak, må kunne delta meir aktivt enn å berre levere røystesetel ein gong kvart fjerde år. Dette er det heilt tydeleg ulike oppfatningar om, både blant politiske parti og i kommuneapparatet elles. Det ser ut til at ein del meiner at dagens arbeidsmåtar er gode nok, og at den som ikkje har høve til å møte opp personleg i alle dei ulike politiske fora, og elles skaffe seg oversyn over saksgang og vedtak, berre kan ha det så godt.

Det meiner ikkje vi – dette er eit område med stort forbetringspotensiale i Vindafjord, og som vi må ta på alvor. Bygdelista vil difor sette fokus på auka medverknad og større innbyggjarinvolvering i ulike prosessar, dersom vi får fornya tillit etter valet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.