Bygdelista: IKT-drifta skal attende til Ølen

I fjor gjekk alle partia i formannskapet inn for å flytte ansvaret for IKT-drifta i Vindafjord til Etne. Bjoa bygdeliste var dei einaste som var mot dette frå starten av. Eitt år etter finst ingen strategiplan for samarbeidet, og no kjem konsekvensane.

Dette er ei lite omtala sak frå i fjor som me trur få har fått med seg, men som er viktig for korleis alle tilsette i kommunen skal få gjort jobben sin best mogleg. Og dermed viktig for alle oss andre som dei jobbar for! I fjor sommar vart det innstilt på at Vindafjord skulle inngå samarbeide om kommunal IKT-drift med Etne, med Etne som vertskommune. Bygdelista har ikkje vore fast medlem i formannskapet denne perioden, og var ikkje representerte i møte 11.06.14 då forslaget gjekk gjennom med samrøystes innstilling til kommunestyret utan vidare spørsmål.

Dårleg sak
Då saka skulle opp i kommunestyret stussa Bygdelista på at det var få gode argument i saka, anna enn at nokon hadde vore på studietur i Trøndelag og fått høyre at “interkommunalt IKT-samarbeid er lurt”. Sjølvsagt har slike samarbeide noko for seg, men då må det vera ein plan med det. Det gjekk dessutan fram av saka at bakgrunnen for eit samarbeide var at Vindafjord nettopp hadde tilsett ny IKT-leiar, nemleg den tidlegare IKT-leiaren i Etne kommune som dermed sto utan nokon i denne stillinga. Det såg mest ut som det handla om at me skulle ordne eit problem for Etne.

Inga interesse for kvalitetssikring
Då saka skulle opp i kommunestyret fekk bygdelista ikkje gjennomslag i vår eigen koalisjon for at dette var ei svak og dårleg sak som burde utgreias nærare. Ordførar Vierdal (Sp) og varaordførar Skartland (KrF) sto saman med SV som garantistane for at dette skulle til Etne. Bygdelista ville at ein skulle ta omsyn til KS (Kommunenes Sentralforbund) sin rettleiiar for konsekvensvurdering og forankring før inngåing av interkommunalt IKT-samarbeide, men fekk ikkje dei tre andre partia med oss. Me diskuterte då saka med Arbeidarpartiet og Høgre, som revurderte tilslutninga dei hadde gjeve i formannskapet. Me fekk forståing for at dette måtte forankrast og utgreiast betre.

Lite konkret i andre runde
Saman med opposisjonen (H / Ap / Frp) fekk bygdelista dermed fleirtal i kommunestyret for å utsette saka for å få meir kjøt på beinet. Då saka kom opp att i september 2014 inneheldt ho mange gode argument for interkommunalt IKT-samarbeide generelt, men lite om korleis valt løysing konkret kunne sikre vinstar fagleg eller økonomisk. Det var ramsa opp moglege vinstfaktorar men fallgruvene som m.a. KS har peika på er viktige å utgreie var ikkje omhandla. I fellesforslag med H, Ap og FrP fekk bygdelista utsett saka påny, med ein del konkrete punkt ein ville ha svar på.

Gåvepakke til Sp i Etne?
At Vindafjord ikkje utan vidare ville overføre ansvaret for denne viktige infrastrukturen var Etne-ordførar Sørheim (Sp) no lite nøgd med. Han formulerte seg i tillegg slik at det kunne tolkast som at dette var noko Etne var blitt lova, og at det var dårleg gjort om ikkje Etne fekk IKT-ansvaret. Dermed såg me heller ingen faglege argument frå Etne si side, anna enn at dei sjølvsagt ikkje var i mot å få overført fleire arbeidsplassar.

Arbeidarpartiet snur på flisa
Ved tredje gongs handsaming 28.10.14 freista rådmannen å gje svar på dei etterspurde punkta. Han konkluderte imidlertid med at det eigentleg ikkje var tunge argument for at Etne skulle vera hovudkvarter for drift og utvikling av IKT i Vindafjord og innstilte på å legge saka til sides. meinte plutseleg Arbeidarpartiet at dette var ein framifrå idé! Med Ap som forslagsstillar mot rådmannen si innstilling fekk endeleg Vindafjordordføraren det fleirtalet han trengte i denne saka som han hadde vore så ivrig på å få til. Og då vart vel partikollegaen i Etne endeleg nøgd, får vi tru.

Commodore 64 var det hippaste ein kunne få tak i tidleg på 1980-talet. I 2015 må vi ha kome litt lenger i utviklinga. Foto: PrixeH / Wikimedia (CC-lisens)
Commodore 64 var det hippaste ein kunne få tak i tidleg på 1980-talet. I 2015 må vi ha kome litt lenger i utviklinga. Foto: PrixeH (CC-lisens).

No kjem konsekvensane
Bygdelista meiner at me treng eit auka fokus på utvikling i utnyttinga av IKT i kommunal drift og servicefunksjonar i Vindafjord. Mange tenesteområde baserar seg framleis på papirskjema, manuell flytting av informasjon og lite effektive arbeidsmåtar. Å instruere vertskommunen i eit samarbeide kan fort bli tungvint og det kan skapast mange hinder. Difor er me ikkje komfortable med at Etne no styrer skuta og at det konkrete innhaldet i samarbeidet er delegert til rådmennene. Og me ser no konkrete negative konsekvensar som gjer at me fryktar at ein har sett krokfot på føresetnadnene for Vindafjord som ein moderne, effektiv og framtidsretta kommune.

 

IKT blir nedprioritert
Etne og Vindafjord IKT (EVIKT) har i dag 8 årsverk til saman som skal dekke begge kommunane. Rådmannen varsla i innsparingssaka denne hausten at ein ønskjer å kutte 1-2 av desse. Då seier det seg sjølv at det berre blir rom for rein drift og knapt nok det. Utvikling og val av gode løysingar med interne krefter som kjenner kommunane frå innsida meiner me at ein no kan sjå langt etter.

Ølen er tømt for IKT-personell
Rådmannen i Vindafjord har som svar på e-post frå bygdelista nyleg informert om at det ikkje lenger er personell stasjonert i Vindafjord rådhus, berre i Etne. Dette er direkte i strid med føresetnadene i saka då ho vart vedteke. Der heiter det: Det er lagt opp til at det skal vera bemanna driftshjelp ved rådhuset i Ølen. Denne skal ikkje berre serve det «indre liv» på rådhuset men og dei ytre lokasjonane. No er ingen av desse arbeidsplassane att i Ølen.

Planløyse
Bygdelista ba om å få tilsendt strategiplan for samarbeidet. Rådmannen svarer: Det er ikkje laga strategiplan utover det som låg til grunn for saka når den var oppe i kommunestyret. Samarbeidet er altså i full gang utan nokon strategiplan eller at det er utarbeida samarbeidsrutinar slik det var føresett i saksframlegget. Saksframlegget inneheld nemleg ikkje nokon strategiplan, berre utgreiing om kva ein vil velje å leggje til grunn for strategiarbeidet.

Dårlegare budd på uønska hendingar
Rådmannen svarar bygdelista vidare: Der har på førehand kome nokre få bekymringer frå einingane pga auka avstand, men så langt har det vist seg ubegrunna. Det har vist seg å skjeldan være behov for å kjøre ut, og dei ganger det er, så kombinerer ein det ofte ved å gjer det på veg til/fra arbeid. Brukarane, altså dei tilsette i Vindafjord kommune, sitt syn var ikkje utgreidd då saka var under politisk handsaming. Dette er ikkje særleg betryggande å høyre at ein så langt ikkje har oppstått problem med omsyn til avstand. Det syner berre at ein ikkje har vurdert negative konsekvensar på førehand av kva som kan oppstå på sikt. At strategien ser ut til å vera prøving og feiling syner manglande fokus på kvalitetssikring.

Mobile løysingar fjernast
Bjoa bygdeliste er kjent med at for å spare pengar på lisensar skal no berre dei som disponerer datautstyr frå kommunen kunne få tilgang frå utsida for å lese e-post mv. Dermed blir det stort sett berre administrasjon, lærarar og politikarar som kan gjera dette. At tilsette held seg oppdatert på dugnad utanom arbeidstid er ei enorm styrke for ein arbeidsgjevar. Til dømes vil sjukepleiarar i turnus kunne lese e-post heime  for å vera oppdaterte og førebudde før dei går på jobb. Her meiner bygdelista at kommunen som arbeidsgjevar skyt seg sjølv i foten.

Slaget er ikkje tapt
Bygdelista har som mål at både fagleg ansvar og arbeidsplassar innan IKT skal koma attende til Vindafjord. Det er ikkje godt nok at einaste måte å få økonomisk vinst ved samarbeidet er å seie opp folk og å gjera tenestetilbodet for dei tilsette dårlegare. Me vil jobbe aktivt for å få det politiske fleirtalet i Vindafjord til å innsjå at denne saka må reverserast før konsekvensane vert for store og medan ein enno er i ein tidleg fase. Det er ei von at me etter valet får eit politisk fleirtal som har fokus på ryddige prosessar i slike saker. Elles kan me få meir formålslaus “outsourcing” av kontroll og arbeidsplassar i framtida. Samarbeide med andre kommunar kan vera fornuftig og fungere glimrande innafor mange område, men ikkje når det innførast utan politisk forankra mål og strategiar! Dette har vore ei merkeleg sak.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.