Arendalsuka 2019: Følg debatt om vindkraft direkte på nett

Det danske folketinget vedtok nyleg å byggje verdas største vindpark til havs, samstundes som dei skal fjerne eit stort tal vindturbinar på land. Kva kan Noreg lære av naboane i sør?

Vindturbinar i Roslev, Danmark (foto: W.carter)

Klimasituasjonen på kloden krev ei rask og storstilt omleggjing frå fossil energi til fornybar energi. Medan vi i Noreg står foran ei storstilt utbygging av vindkraft, har Danmark mange tiårs erfaring med kommersiell vindenergi.

På første dag av Arendalsuka 2019 arrangerer Bjerknessenteret debatt om vindkraft på land og til havs, med danske erfaringar som utgangspunkt. Debatten går under tittelen “Det er dejlig å være vindmølle i Danmark” og strøymast direkte på nett.

Tid: Måndag 12. august 2019, kl 11:30-13:00. Direkte strøyming: Facebook

Bjoa bygdeliste er mot utbygging av vindkraft på land i Vindafjord kommune. Planlagt utbygging i Noreg med vindturbinar på land er pr. 2019 ca 15 TWh. Det ligg eit stort potensiale i å ta ut nær det dobbelte ved oppgradering av eksisterande vasskraftverk. I tillegg kjem potensialet med vindturbinar til havs.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.