Vindafjordhallen høyrer heime i Nedre Vats

Listene sine eigne svar på om Vindafjordhallen skal byggjast opp att som symjehall i Vats

Spørsmålet om Vindafjordhallen skal ha basseng eller ikkje når han blir bygd opp, har blitt ei sak i valkampen. Forslaget frå FrP om å “flytte” symjehallen til Ølen er historielaust. Dette burde ha vore ei ikkje-sak, men diverre er fleire av dei andre partia vage og uklåre.

Vindafjordhallen i Nedre Vats brann ned til grunnen i juli 2019. Bygget var fullverdiforsikra og ein ventar no på avklaring rundt forsikringspengar slik at oppbygginga av ny hall kan ta til. Det har ikkje vore på tale om anna enn å få opp att eit fleirbruksanlegg med symjehall som hovudinnhald. Det vil seie, før Framstegspartiet fann ut at dei ville gjera valkampsak ut av å bygge hallen opp som rein idrettshall i Vats og i staden bygge ny symjehall i Ølen.

Det byrja ganske smått som ein parentes under folkemøtet i Skjold 19. august. Grannar kunne då melde om at FrP var einaste parti som såg for seg noko anna enn at Vindafjordhallen byggjast opp att med same funksjonar som før. Dermed burde i grunnen saka vore ute or soga, og i alle fall ute or valkampen. Men under folkemøtet i Ølen 26. august gjorde ordstyrar  Sigmund Hansen dette til eit av hovudspørsmåla som alle listetoppane skulle svare på. Denne gongen kom diverre dei andre partia med uklår tale og byrja å diskutere om kanskje bygdefolket heller ville ha idrettshall. På Haugesund Avis sin valgomat har Høgre, KrF og SV svara ganske uklårt på spørsmålet. I tillegg til FrP sitt utspel skapar dette berre uro.

Bjoa bygdeliste er heilt klåre på at Vindafjordhallen skal opp att i Nedre Vats – som symjehall. Hallen var i si tid ei gåve frå Norwegian Contractors, og skal byggjast opp att der han sto. Vi treng ikkje nye diskusjonar no som kan forseine prosessen med å få ny hall på plass. Vi trur heller ikkje det vil finnast politisk fleirtal for noko anna etter valet.

Vi håper også at vi kan få med oss andre parti i å sjå på om ein kan bidra til at ein kan gjera hallen best mogleg i høve til innhald og tilbod. Hallen bør bli ein god arena for symjestemner og konkurranser. Og helst bør vi sikte inn mot å gjera hallen til ein reell konkurrent til Tysværtunet når det gjeld familiebading i helgjene og liknande. Men innhald og driftsform blir det rikeleg tid til å diskutere. Om det skal vera symjehall i Vats, det bør det ikke vera tvil om.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.