Vindkraft på land og alternativa

I formannskapet 04.09.19 stemte fleirtalet for å halde døra open for vindkraft på land i Vindafjord. Med Senterpartiet og avtroppande Venstre i spissen ønsker ein å skape eit inntrykk av at vindkraft på land er den raske vegen til å oppnå klimamål. Ser ein på fakta er biletet mildt sagt noko meir nyansert. Heilt andre og konkrete lokale klimatiltak må til om Vindafjord faktisk skal bidra.

Tilbakebetalingstid for ulike energiproduksjonsformar. Kjelde: Vindportalen

Ein vindturbin kjem ikkje opp av seg sjølv. Før ein byrjer å få ut energi frå vindturbinar skal det store mengder energi til for å lage, frakte på plass og bygge opp desse svære anlegga. Ikkje minst gjeld dette fundamentering og veginfrastruktur, som ikkje er med i energirekneskapen til kvar turbin.

Mykje av energien som må til kjem frå forbrenning av fossilt drivstoff, i første rekke frå anleggsmaskinar. Med andre ord får kvar vindturbin eit solid klimaavtrykk før han byrjer å gi attende i form av rein energi. Ein rekner med at ein vindturbin står for eit CO2-avtrykk på ca. 10 gram pr. produsert kWh.

Vindturbinar er no så effektive at dei skal ha produsert sin eigen “fødselsenergi” etter omlag eit halvt år i drift. Men då har det altså allereie vore svidd av mykje diesel for å få turbinen opp. Med ei levetid på 25 år gir ein landbasert vindturbin att i beste fall ca. 60 gonger den energien det tok å produsere han. Mange av dagens teknologiar tilbyr berre 30-40 gonger energi attende. Til samanlikning gir magasinbaserte vassturbinar att 243 gonger energien i løpet av levetida, og elvekraftverk gir att 219 gonger før turbinen må bytast ut.

Eksisterande vasskraftverk kan oppgraderast til å yte omlag det dobbelte av dei 15 TWh som planlagt utbygd vindkraft på land vil yte. Ei slik massiv oppgradering vil gi ein rask klimagevinst samstundes som at ein finn egna område til havs der havvind kan etablerast utan å koma i konflikt med fiske og anna havbruk.

Havvind har for tida omlag same “tilbakebetalingstid” som turbinar på land fordi teknologi og metodar er nye. Dersom havvind får same teknologiske utvikling som landbasert vindkraft har hatt, er det ikkje tvil om kva alternativ som leverar mest rein energi om få år. Havvind er dessutan eit nytt industrieventyr der både vår region og landet forøvrig kan gå føre i utviklinga.

Bjoa bygdeliste meiner difor at tanken om å bygge ned verdifull utmark til industriområde allereie er forelda tankegods. Inntektene går til grunneigar og kraftoperatør – kostnaden med vindmøllene er det lokalsamfunnet som må ta, utan å få noko kompensasjon. Vi går difor inn for at ingen område i Vindafjord skal merkast av som “egna” for vindkraftutbygging, og at heile kommunen tas ut av NVE sine planar over egna vindkraftområde.

Vindafjord kommune kan raskt koma i gang med å gjera ein skilnad når det gjeld klima. Først må vi få på plass ein skikkeleg klimarekneskap. Deretter må Bjoa bygdeliste få med seg fleirtalet på å forplikte kommunen til same klimamål som er sett nasjonalt. Vi treng ein forvaltningsplan for klimavenleg gjødselhandtering og arealbruk. Det monnar meir og raskare enn å vente på industriutbygging i bevaringsverdig utmark.

 

2 kommentarer til «Vindkraft på land og alternativa»

  1. Et godt bidrag for å bedre kommunens klimamål ville være å legge svømmehallen i Vindafjordhallen til Ølen og la Vats få en idrettshall, etter min mening. Ved å samarbeide med Etne kommune og ikke minst utnytte energien som går ut i fri luft fra Fatland slakteri vil det være mye å spare. Dessuten vil utnyttelsesgraden gå opp . Dersom politikerne mener det seriøst med å forbedre kommunens klimamål kan jeg ikke se at det er mulig å unnlate å ta dette grepet. En gratis mulighet siden denne hallen nå brant ned.

    1. Ideen om å bruke overskotsvarme frå Fatland til oppvarming av kommunale bygg er heilt genial.

      Det pussige er at dette blir knytta opp mot Vindafjordhallen. Både den økonomiske og klimamessige gevinsten hadde jo blitt enormt større om ein hadde lagt til rette for dette med dei mange kommunale bygga som vi allereie har i Ølen.

      Utnyttingsgraden av ein ny Vindafjordhall er absolutt eit diskusjonstema. Og dette er eit spørsmål både vatsbuen og kommunen elles må ta på alvor – vi må sjå på korleis ein ny hall kan bli meir attraktiv og betre utnytta.

      Men å spele idealismekortet i høve til klima med Vindafjordhallen som isolert innsats på bordet er Bjoa bygdeliste ikkje med på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload