Politisk bygdamøte 05.09.19 kl 19:00 – Helsehuset

Handteringa av Vindafjord kommune sin økonomi er i krise. No er det viktigare enn nokon gong at ein ikkje får panikk og bygger ned tilbod og tenester som fører oss inn i ein ond sirkel. Levande bygder er framleis noko av det mest lønsamme kommunen kan investere i. Møt opp til debatt og informasjon på Helsehuset torsdag 5. september.

 

Å få kommuneøkonomien på fote må vera ein felles dugnad mellom innbyggjarane/politikarane og administrasjonen i kommunen. Då er det viktig å vera bevisst på kva tiltak som faktisk vil monne og kva som i verste fall kan gjera situasjonen verre. På Helsehuset kjem ordførarkandidat Kristian Resset med sitt syn på saka, og det blir rikeleg høve til debatt og spørsmål.

Det er viktigare enn nokon gong å mobilisere før valet og sørgje for at vi får gjennomslagskraft i kommunestyret. Mange av dei andre partia er uklåre på kva som er viktige område å skjerma, og fleire meiner diverre at politikarane er heilt utan skuld i at vi har kome inn i det uføret vi har. Bygdelista får då ta sjølvkritikk på vegne av det politiske fleirtalet – det må vera første steg til å få ein konstruktiv prosess rundt økonomien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.