Bygdelista i kontrollutvalet og OPOM

I dag hadde kommunestyret 2015-2019 sitt siste ordinære møte. Etter at møtet var heva samla alle dei nye listetoppane seg for å signere fordeling av posisjonar i avtaleval. Bygdelista får leiaren i kontrollutvalet samt ein fast representant i utval for oppvekst og omsorg (OPOM).

Kristian H. Resset (BBL) blir leiar av kontrollutvalet i Vindafjord dei neste fire åra. (Foto: Grannar)

Fordelinga av posisjonane i sentrale råd og utval skal veljast i konstituerande kommunestyremøte måndag 21. oktober 2019. Fordelinga til formannskap, utval for drift, utvikling og kultur (DUK) og utval for oppvekst og omsorg (OPOM) tek utgangspunkt i om det hadde vore forholdsval mellom to blokker med 15 røyster til Sp/Ap/KrF og 10 røyster til H/FrP/BBL/SV/MDG. Det gjev 6 plassar til posisjonen og 3 til opposisjonen i formannskapet og 4 mot 3 plassar i utvala DUK og OPOM.

Koalisjonen Sp/Ap/KrF hadde ikkje noko ønske om å ta med gamle samarbeidspartnarar som SV og Bjoa bygdeliste vidare. SV og BBL gjekk dermed inn i eit valteknisk samarbeide med MDG, Høgre og FrP.

Samarbeidet i opposisjonen dreier seg berre om å gi kvarandre arenaer å drive politikk på dei neste fire åra og inneber inga politiske bindingar.

Tormod Sandsgård blir bygdelista sin faste representant i OPOM medan Kristian H. Resset blir ny leiar i kontrollutvalet. Sistnemde er og fast representant i kommunestyret 2019-2023.

Slik blir Bjoa bygdeliste sin representasjon dei neste fire åra:

KOMMUNESTYRET - BBL
1. Kristian Haraldson Resset
Varamedlemmer:
1. Anna Klette Steinsland
2. Tormod Sandsgård
3. Linn Gjerde
4. Øystein Sandsgård


UTVAL FOR OPPVEKST OG OMSORG (OPOM) - BBL
1. Tormod Sandsgård
Varamedlemmer:
1. Kathrina Håvarstein                   
2. Øystein Sandsgård                       
3. Anna Klette Steinsland


KONTROLLUTVALET
1. Kristian Haraldson Resset     BBL          leiar                                    
2. Anne Tone Salte Andersen      H            nestleiar    
3. Knut Severin Berge            FrP
4. Olaug Mari Øen                SP
5. Eivind Hetland                KrF

Varamedlemmer:
 1. Øyvind Oland                 H                                              
 2. Inga Elise Steinsland        SP
 3. Gunnstein Koch               KrF
 4. Sverre Hustveit              FrP
 5. Linn Gjerde                  BBL

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.