Prosess utan politisk forankring

Eit samrøystes formannskap vedtok 08.09.2020 å la rådmannen lage ny framdriftsplan for handsaminga av barnehage- og skulebruksplan. Bjoa bygdeliste er uroa over at prosessen med barnehage- og skulebruksplan går vidare utan politisk forankring. Ser ein til andre kommunar har slike prosessar utspring frå politiske vedtak som seier noko om kva politikarane ønsker å få utgreia.

Vindafjord har tinga ein rapport frå Norconsult der konkurransegrunnlaget er utforma av administrasjonen åleine. Alternativa i rapporten har blitt deretter. Formannskapet, med ordføraren i spissen, går inn for at det framleis er rådmannen som skal styre prosessen og dermed kva som kjem på bordet av alternativ.

Bygdelista stiller difor grunngjeve spørsmål til ordføraren foran kommunestyremøtet 22.09.2020:

Eg oversender med dette grunngjeve spørsmål foran kommunestyremøte 22.09.2020.

Kommunestyret vedtok i økonomiplanen 2019-2022 i desember 2018 at det skulle utarbeidast barnehage – og skulebruksplan i 2020. Vedtaket er spesifisert slik i planen: 6.2.1.9 Utarbeida barnehage- og skulebruksplan for å sikra kvalitet i dette tenesteomådet for framtida.Arbeidet med å lage ein førebuande rapport vart sett ut på anbod. Konkurransegrunnlaget vart utforma administrativt utan politisk forankring.

Konkurransegrunnlaget vart i juni sendt ut til alle gruppeleiarane etter forespurnad frå Bygdelista. Rådmannen skildrar der eit klårt skilje mellom kvalitet og struktur, med økonomisk innsparing som vesentleg kriterium for planinnhaldet.

Eit samrøystes Formannskap vedtok 08.09.2020 å be rådmannen lage ein ny framdriftsplan som orienteringssak til neste formannskapsmøte. I vedtaket er det lagt vekt på involvering av innbyggjarane, men ikkje noko er sagt om involvering frå vedtaksorganet, kommunestyret.

Ein syner til den grundige prosessen som vart gjennomført i forkant av handsaming av gjeldande planstrategi. Her sette ein av ein heil møtedag til politisk verkstad med dialog mellom administrasjon og politikarar i høve til prioriteringar før endeleg strategi vart lagt fram for handsaming. Ingen delar av prosessen i arbeidet med barnehage- og skulebruksplan har så langt vore politisk handsama.

Bjoa bygdeliste ber ordføraren:

– Grunngje kvifor konkurransegrunnlaget ikkje vart politisk forankra før det vart sendt ut på anbod.

– Grunngje kvifor ein ikkje ønsker å handsame oversendt rapport og planutkast frå Norconsult i kommunestyret for å sjå om det er alternativ kommunestyret ønsker utgreidd i høve til dei som ligg føre.

– Opplyse om kva arbeidet med barnehage- og skulebruksplan har kosta så langt. Det er tilstrekkeleg med å oppgi omfang av innkjøpte tenester, med mindre ein har slikt oversyn med økonomien at ein også kan seie noko om omfanget på intern lønskostnad.


Kristian H. Resset

Bjoa bygdeliste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.