Rapport: Økonomistyring i pleie og omsorg
Kontrollutvalet i Vindafjord har tinga ein forvaltningsrevisjon frå Deloitte med utgangspunkt i meirforbruka innan pleie og omsorg dei siste åra. Rapporten frå forvaltningsrevisor ligg no føre og vert handsama i kontrollutvalet i møte 4. november 2020.
Forvaltningsrevisjonen skulle gje svar på fylgjande to problemstillingar:
- Kva område er det som har ført til auka ressursbruk og kva kan forklare utviklinga?
- I kva grad er det etablert system for å sikre økonomisk rapportering på og oppdatering av økonomiske prognosar for helse- og omsorgstenestene gjennom året?