Vil ha utgreiing av fylkesvegen gjennom Vikebygd

Bjoa bygdeliste sitt forslag om at fylkesveg 734 bør utgreiast som veg med regional funksjon vart vedteke i kommunestyremøte 6. september. Voneleg kan dette føre til ei funksjonsvurdering av vegstrekninga med sikte på at utbetringar kan koma i gang.

Fylkesveg 734 frå Utbjoa til Isvik gjennom Vikebygd er i vegvesenet si funksjonsinndeling frå 2005 plassert som veg med lokal funksjon. Dette er dermed den einaste fylkesvegen i Vindafjord kommune som ikkje har regional funksjon som status. Som ein del av Haugalandsrådet sitt arbeid med regional plan vil det koma ei funksjonsvurdering av fylkesvegar på Haugalandet med regional funksjon.

Vindafjord kommunestyre handsama i møte 6. september kommunen sin del av kostnadene med den komande transportutgreiinga. I saksframlegget vart det nemnd at ei utgreiing av Fv 734 Utbjoa-Isvik og hadde vore ynskeleg. I forslaget til vedtak er det teke inn ein reservasjon om at “dei viktigaste vegane” i kommunen må vera med i utgreiinga dersom Vindafjord skal vera med på spleiselaget.

Bygdelista sin representant Kjartan Innbjo meinte at dette vart for generelt, og la inn benkeforslag om at regional funksjon for fylkesveg 734 måtte spesifiserast i vedtaket. Kommunestyret ga sin tilslutnad til dette, noko som kan vera eit viktig første steg fram mot ei sårt tiltrengt utbetring av denne vegstrekninga.

Ein viktig veg
Fylkesveg 734 er ikkje berre hovudfartsåra for dei som bur i og rundt Vik, men akseptabel standard på vegen er og ein føresetnad for utnytting og vidareutvikling av næringsområdet på Dommersnes. Etter at Halsnøy fekk tunnelsamband med fastlandet i Kvinnherad har ein observert ein auke i gjennomfartstrafikken over Utbjoa, der hovudmengda går i retning Haugesund nettopp via Vikebygd. Ei trafikktelling for å fastslå trafikkmengda er på trappane.

I juni fekk Kjartan Innbjo med seg representantar for vegvesenet og teknisk etat i kommunen på ei synfaring på heile strekninga Ølensvåg-Bjoa-Isvik, og i Vikebygd var og Ståle Jordal frå grendeutvalet med. Ein hadde her ein lengre stopp både ved Joker og ved Vossasvingen og brua rett vestanfor, der ein fekk fremja lokale synspunkt og kor ein lufta grunnspørsmål og trasevalg. Videre fortsatte dei til Svendsbøbrua ved vegen opp til Bjordal, der dei hadde ein lengre gjennomgang og registrerte skader på bru og rekkverk.

Kjartan Innbjo har og arbeida med ein plan over punkter som treng forbetring på vegen mellom Utbjoa og Ølensvåg. Konklusjonen på synfaringa var at vegen er særs uberegneleg på store deler av strekningane. Han er smal og med dårlege kanter, der det på enkelte stader er nær uforsvarleg å ferdast med tunge/lange kjøyretøy. Vegen har i tillegg særs varierande bredde og dette skapar mange farlege situasjonar. Det vart som venta ingen lovnader om konkrete tiltak, men det vart lova at saka skal jobbast vidare med opp mot fylkeskommunen som er vegeigar. Det vart ført nøyaktig registrering på heile strekninga og Innbjo er lova melding attende når denne er gjennomgått og kartlagt av Statens Vegvesen.

2 kommentarer til «Vil ha utgreiing av fylkesvegen gjennom Vikebygd»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.