Kollektivtrafikken i Vindafjord

Det er på høg tid at Vindafjord kommune får eit betre kollektivtilbod. Bjoa bygdeliste vil ta initiativ til at ein i løpet av 2012 får på plass forsøk med betring av korrespondanse mellom ulike ruter og transporttypar samt betre tilpassing for funksjonshemma, eldre og ungdom.

Etterspurnaden
Vindafjord er ein vidstrakt kommune der dei fleste har ein eller fleire bilar som dei er avhengige av. Dermed har heller ikkje dei fleste like stort fokus på dei gruppene som ikkje har eller kan nytte eigen bil. Ungdom på veg til og frå idretts- og fritidstilbod som ein ikkje har i heimbygda, brukarar av legekontor og andre kommunale tenester, folk med ulike funksjonshemmingar. I tillegg kjem vinsten for miljøet og personøkonomien dersom det faktisk finst eit kollektivt alternativ til å køyre bil til og frå arbeidsplassen. Bygdelista meiner det finst ein reell etterspurnad for eit betre tilpassa skysstilbod både på dag- og kveldstid.

Viktig for aktiv fritid
I dag har kommunen idrettshallar i Ølen, Skjold og Vikedal, samt ein symjehall i Nedre Vats. For at alle i Vindafjord skal kunne delta i aktivitetar i desse anlegga er det eit stort transportbehov. Ungdom utan førarkort eller bil er avhengig av å bli køyrd og henta av foreldre på kryss og tvers i kommunen. Her kan ein samordne aktivitetsplanane i dei ulike anlegga med eit kollektivt tilbod som tar omsyn til kva lokale lag og organisasjonar som nytter anlegga til ulike tider.

Dagtilbod
I dag er mykje av kollektivtilbodet på dagtid retta inn mot skuleskyss. For dei som er i arbeid er det helst morgon og ettermiddag ein treng skyss. Men for andre grupper som treng å koma seg til handel, legekontor, kommunesenter, mv. er det i dag få alternativ til drosje. Her må ein sjå på ei mogleg samhandling med dei reine skulerutene som i dag ikkje står på rutetabellen, men som i mange høve går med uutnytta kapasitet. I tillegg er det særs interessant å få til forsøk med tingingskøyring. Dette har vore prøvd ut i andre grisgrendte kommunar med stort hell.

Arbeidskøyring
For mange ville kollektivtransport vore eit aktuelt alternativ, både av miljøomsyn og med stor økonomisk vinst dersom ein til dømes kunne greie seg utan ein ekstra bil i husstanden eller redusere driftskostnadene på denne. Utfordringa med det kollektivtilbodet vi har i dag er i stor grad knytta til korrespondanse mellom ulike ruter, særleg langs aksen på tvers av E134 og tilknytta fylkesvegar.

Kartlegging
Ei betre tilrettelegging av kollektivtransporten i Vindafjord må iverksettast som prosjekt. Kartlegging av behov, eksisterande og potensielt tilbod samt kostnader må munne ut i konkrete forsøksprosjekt som kan gå over noko tid. Det vil sikkert vera geografiske skilnader i interessa for skyssordningar og forsøka må rettast inn mot reelle behov.

Økonomi
Samferdsledepartementet har i perioden 2007-2010 støtta ulike lokale forsøksprosjekt på kollektivtransport i distrikta med til saman 67 millionar kroner. Dette er prosjekt der kommune og fylkeskommune saman med lokale/regionale aktørar får høve til å prøve ut ordningar for kollektivtilbodet i spreiddbygde strok, nett slik som vi har det i Vindafjord. Her har vi eit godt høve til å få økonomisk drahjelp til å styrke det lokale skysstilbodet, og det er ikkje urealistisk at ein kan få inn fleire aktørar inn på den finansielle sida.

Satsinga
Med Bjoa bygdeliste i kommunestyret vil det allerie hausten 2011 bli teke initiativ til å etablere betre kollektivtilbod i Vindafjord som eit prosjekt som kan utløyse statlege midler allereie i søknadsrunden for 2012. Målet er å få etablert eit tilbod som syner seg berekraftig over tid og som dermed vil koma eit breitt spekter av brukargrupper til gode. Dette vil vera med på å styrke alle bygdene våre. I tillegg til denne satsinga ønsker bygdelista å få Vindafjord kommune meir aktiv som pådrivar for høgfartsbane til/frå vår region.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.