Støttevideo frå Ølen for Bjoa bygdeliste

Valprogrammet vårt har vi laga sjølv, både innhald og utforming. Heile arbeidet frå idé til ferdig trykkoriginal er gjort på dugnad. Til skilnad frå alle dei andre Vindafjord-listene har vi ikkje ein partiorganisasjon i ryggen som kan bidra med pengar, medierådgjevarar og ferdige malar til materiell og marknadsføring. 

Vi har dei siste åra fått med oss nye dyktige og kreative krefter i bygdelista og er eigentleg ganske nøgde med korleis programheftet for 2015-2019 vart sjåande ut. Men det er vel slik at vi  i programmet har nytta meir plass på å skildre det politiske innhaldet enn det ein overbetalt kommunikasjonskonsulent ville ha sett pris på. Det har vi fått klar melding om frå ein ølensbu som sendte oss ein video sist laurdag. Desto meir gledeleg er konklusjonen i videoen:

 

Dette var eit artig lyspunkt i valkampen. Ikkje berre humra vi godt då vi såg videoen, men det er kjekt å sjå at det er ein del som har fått med seg at vi er ei liste for folk flest, uansett kvar dei bur i Vindafjord. Og uansett om ein kanskje ikkje har lese heile programmet… Det er no ein gong slik i lokalpolitikken at partilogoen får lite å seie i veldig, veldig mange saker.

Bjoa bygdeliste er ikkje den einaste bygdelista i kommunen, men vi er den einaste som ikkje skjuler seg bak ein partilogo. Ved sist val fekk vi stemmer frå alle dei ni bygdene i kommunen. Dette er eit godt teikn på at folk har fått med seg bodskapen vår, og vi vonar at framgangen vi har hatt ved dei siste vala held fram.

Vi takkar for den kjekke videoen og at vi fekk lov til å publisere han. Og ikkje minst for lovnaden om støtte frå Ølen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.