Snøggbåten er framleis verd å kjempe for

Snøggbåtsambandet mellom Ølen/Utbjoa og Sunnhordland heng i ein tynn tråd. Det politiske fleirtalet i Rogaland kunne ikkje vore mindre interessert, og ballen ligg no hos fylkespolitikarane i Hordaland. Lokalt i Vindafjord har politikarane hatt lite dei skulle ha sagt, men vi må ikkje gje oss enno.

Tranen ved Sunde i februar 2007. Foto: Harald Sætre
Tranen ved Sunde i februar 2007. Foto: Harald Sætre

Fylkestinget har i 2015-busjettet kutta Rogaland sitt bidrag til snøggbåtruta utan at Vindafjord eller andre aktuelle kommunar har vore involverte. Under budsjetthandsaminga før jul 2014 foreslo fylkesrådmannen i Rogaland å kutte dei 2,7 millionane som var bidraget frå Rogaland. Fleirtalet (H, FrP, KrF) sørga for å få dette gjennom i fylkestinget.

Under handsaminga vart det  sett fram ulike endringsforslag. Av desse var det berre fellesforslaget frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som inneheldt forslag om å oppretthalda snøggbåten i Sunnhordland. I dei andre alternative forslaga frå hhv. Rogaland SV,  Rogaland Venstre og Helge Solum-Larsen (uavhengig) var det ingen forsøk på å gå mot kutt av snøggbåtruta. Ingen andre røysta heller for Sp/Ap sitt forslag enn dei sjølve. Klikk her for å sjå protokollen frå handsaminga.

Bilferja frå Utbjoa til Skjersholmane vart lagt ned etter at trekantsambandet til Bømlo og Stord opna i desember 2000. Dette merka me godt i vår ende av verda. For å koma seg til og forbi Stord må ein no køyre halvvegs til Haugesund før ein kan snu nasen og panseret rette vegen. For den som skal til Leirvik eller vidare til Flesland og Bergen utan trong til å ha med bil, har imidlertid snøggbåten vore eit framifrå alternativ, om enn rutetilbodet kunne ha vore betre. Det er Hordaland fylkeskommune som har ansvaret for ruta, og fram til 2015 var dette med hjelp av tilskott frå Rogaland.

At bruken av snøggbåten går ned har fylkeskommunen sitt eige selskap Kolumbus AS ein god porsjon av æra for. Korrespondansen mellom snøggbåt og buss både på Utbjoa og i Ølen har vore så gjennomført elendeg  og fråverande opp gjennom åra at det er vanskeleg å tru at det berre skuldast rein inkompetanse. H/FrP/KrF i Rogaland tilbyr no valflesk i form av å diktere Kolumbus til betre rutetilbod langs E134 på Haugalandet, medan dei tidlegare har tova hendene og skulda på at Kolumbus er eit føretak som politikarane ikkje kan detaljstyre.

Det politiske fleirtalet i Rogaland har i praksis parkert kommunepolitikarane utan å bry seg om å diskutere alternative løysingar der til dømes Vindafjord og andre kommunar kunne vore inviterte til å bidra.  Å vera ein utkant i Rogaland har på mange vis synt seg som mindre fordelaktig enn det var for gamle Ølen kommune å vera ein utkant i Hordaland. Dette handlar om kultur. Nabofylket vårt i nord har tradisjonelt hatt eit heilt anna blikk for å ta heile fylket i bruk. Berre sjå på satsinga ved Etne vidaregåande skule etter at Ølen gjekk til Rogaland.

Historia fortel sitt, det er vanskeleg å spå om i kva grad neste fylkesting vil ha ei anna haldning. Ein gjennomgang av fylkespartia sine valprogram syner at dei fleste dreg fram spesifikke kollektivtilbod i sørfylket som satsingsområde. Ingen seier noko konkret om snøggbåten Ølen/Utbjoa-Sunnhordland. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dalstroka innafor Hodnafjellet er eit  uinteressant område for det store fleirtalet av veljarar i Rogaland. I Hordaland ser det faktisk ut til å vera breiare politisk positiv innstilling til snøggbåttilbodet. Men alt handlar sjølvsagt om økonomi, og utan bidrag frå Rogaland fylkeskommune eller andre kjelder er det vanskeleg å tru på eit forutsigbart snøggbåttilbod for oss.

Meiningsmålingane for Rogaland tyder i liten grad på at veljarane kjem til å vippe distriktsdödarna H/KrF/FrP av pinnen no i haust. Bygdelista meiner at me i Vindafjord må jobbe for at ein får fylkespolitikarane med på å i det minste drøfte alternativ. Me vil jobbe med å fremje ulike modellar som kan sikre dagens tilbod med snøggbåtrute i Sunnhordlandsbassenget. Og aller helst enda betre tilpassa ruter og korrespondanse. Og så er det sjølvsagt viktig med innbyggjararinitiativ og mobilisering, ikkje minst ved å nytte seg av røysteretten no ved valet. Vi må ikkje gje oss enno.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.