Barnehageforeldre – pass på!

Rådmannen i Vindafjord ønsker å redusera frå to til eitt barnehageopptak pr. år i dei kommunale barnehagene. Høyringsfrist er 15. september. Det er viktig at eventuelle negative konsekvensar kjem fram før politisk handsaming.

Frå opninga av nye Bjoa barnehage i 2008. Kjelde: bjoanett.no, foto: Linda Frotjold
Frå opninga av nye Bjoa barnehage i 2008. Kjelde: bjoanett.no, foto: Linda Frotjold

I Vindafjord er det vedteke at dei kommunale barnehagane skal ha to opptak i året, eitt hovudopptak i august for heile barnehageåret og eitt opptak i for vinteren/våren i januar. Det er no sendt ut på høyring ei sak om å endre dette til eitt opptak i august og deretter løpande opptak. Det er administrasjonen i kommunen og styrarane i barnehagene som ønsker endringa, og som ein meiner gir vinstar administrativt, økonomisk og pedagogisk.

Bjoa bygdeliste kjenner seg ikkje sikker på at alle eventuelle uheldige konsekvensar av forslaget kjem fram av saksframlegget og vil difor legge stor vekt på det som kjem fram i høyringssvar.

Alle barnehagane har eit samarbeidsutval der foreldra er representerte. Saka vart sendt på høyring i slutten av august, så fristen 15. september er knapp. Det er difor viktig at alle som har ungar i barnehage og/eller skal søkje om barnehageplass sjekker at saka har vore handsama i deira samarbeidsutval. Viss ikkje, er det fullt høve for foreldrerepresentantar å sende inn høyringssvar direkte dersom ein har syn på saka som ikkje har kome fram til eller har blitt handsama i samarbeidsutvalet for den aktuelle barnehagen. Dette sender ein i så fall til Vindafjord kommune.

Det er venta at saka kjem opp i utval for oppvekst og omsorg (OPOM) 12. oktober. Medverknad frå dei som best kjenner konsekvensene av politiske vedtak på kroppen er viktig, og bygdelista vonar difor at ein engasjerer seg og sørgjer for å få sett ljos på alle eventuelle  konsekvensar, positive som negative.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.