Politikarane i Vindafjord kuttar skulefrukt

I kommunestyremøte 8. september fann ikkje fleirtalet i Vindafjord det verd å vente med å kutte skulefruktordninga til neste års budsjett skal handsamast. Innsparinga for resten av 2015 er på fattige 100.000,-.

I budsjettet for 2015 var ordførarkoalisjonen (Sp, KrF, SV og BBL) samde om å løyve gratis skulefrukt til elevane på barnetrinnet ved alle skulane i Vindafjord dette året. Tiltaket var ein del av felles budsjett som fleirtalskoalisjonen la fram.

Rådmannen tok saka i eigne hender og ga stoppordre for skulefrukt
Rådmannen fekk fleirtal for sitt forslag om å kutte gratis frukt og grønt for 1.-7. klassingane resten av året.

Dei fire samarbeidspartnarane har gjennom skriftleg avtale vore samde om å samarbeide i budsjettarbeidet. Dette gjeld etter alt å døme berre når budsjettet blir lagt før årsskiftet. Å endre på eit felles tiltak utanom budsjettarbeidet har enkelte av våre samarbeidsparti no funne heilt greit. Kort tid etter valet startar budsjetthandsaminga for 2016, og dette hadde vore ein naturleg arena for å diskutere dette og andre budsjettfesta tiltak. Me noterer oss haldninga, og har ho i bakhovudet når eventuelle samarbeide og avtalar skal etablerast etter valet neste veke.

Minimal sparevinst
Enkelte av skulane hadde allereie tinga skulefrukt då rådmannen ba dei vente tidlegare i haust – før det låg føre politisk vedtak som eventuelt oppheva gjeldande budsjett. Dermed er innsparinga på å kutte dette no heilt marginal, maksimalt 150.000,- men antagelegvis nærare 100.000,-. I eit budsjett på rundt 650.000.000,- (drøyt ein halv milliard) og i ei sak der ein skulle spare 2.000.000,-. At ein ikkje kunne skjerma dette tiltaket og andre gode tiltak for resten av budsjettåret er for bygdelista vanskeleg å forstå. Men saka er laga slik at rådmannen kjem med forslaga til sparing – politikarane får ikkje noko hjelp i alternativ eller oversyn over andre moglege område ein kan spare på.

Dårleg døme overfor dei unge
Samstundes registrerer bygdelista at Vindafjord sine utgifter pr. innbyggjar til administrasjon og politisk styring ifølgje iKOSTRA har gjort eit hopp i 2014. Dette vil difor vera eit område bygdelista no vil setje fokus på i tida framover ved å gå gjennom detaljane i rekneskapen. Her må det vera mange gode sparetiltak, tenkjer me. Eit godt tiltak kunne jo til dømes vera at politikarane sørga for å ta med seg niste når me  skulle på møte, i staden for å koma til dekka bord. Då hadde vi gått foran som eit betre døme for oppvaksande generasjon enn me gjer når me seier at frukt og grønt er eigentleg ikkje så viktig lell.

Sparer på skillingen og lar dalaren gå
Då gratis skulefrukt vart innført måtte foreldre som tinga frukt sjølv kontakte skulefruktordninga for å få att pengane dei allereie hadde betalt inn. No skal dei på ny måtte tinge for så å vente på at leveringa kjem på plass. Bygdelista meiner dette er uforutsigbar og småleg politikk. Å lære ungane våre at frukt og grønt er viktig del av eit sunt og godt kosthold gir oss ein folkehelsegevinst som langt overstig investeringa. Men det er vanskeleg å måle, og dermed lett å ofre. Me meiner at ein no sparar på skillingen og lar dalaren gå ut i andre enden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Thank you for your upload