No må me ta i eit tak for fengselshelsetenesta

Vindafjord kommune har ansvaret for helsetenesta i Sandeid fengsel og dermed også arbeidsmiljøet for dei som arbeider der. Helsedirektoratet har underfinansiert tenesta i årevis.

Sandeid fengsel har ordinær kapasitet på 88 innsette. Vindafjord kommune har ansvar for helsetenesta. Foto: Jarle Vines (Lisens: CC BY-SA 3.0 NO)
Sandeid fengsel har ordinær kapasitet på 88 innsette. Vindafjord kommune har ansvar for helsetenesta. Foto: Jarle Vines (Lisens: CC BY-SA 3.0 NO)

Bjoa bygdeliste har i fleire år freista å få sett fokus på finansieringa av fengselshelsetenesta i Sandeid fengsel. Helsetenesta drivast etter ein modell der dei statlege helsestyresmaktene skal finansiere tenesta, medan det er kommunen der fengselet ligg som skal gjennomføre sjølve drifta. Vindafjord kommune må kvart år inn med ekstra pengar frå kommunen sitt eige driftsbudsjett for å halde tenestetilbodet oppe på eit minimumsnivå. Me må ikkje risikere at gode arbeidstilhøve for dei som driv fengselshelsetenesta vert stilt opp mot andre gode tiltak.

Gode tiltak setjast opp mot kvarandre
Det har diverre skjedd i år. I tertialrapporten for april 2015 skriv rådmannen at fengselshelsetenesta bidreg til overforbruk innafor budsjettområdet helse- og psykatritenester. No i september har kommunestyret måtte kutta i ulike tiltak for å få rekneskapen i balanse nettopp grunna for høgt utgiftsnivå i høve til inntektene. Bygdelista meiner det er heilt uakseptabelt at ei teneste som Staten har ansvar for å finansiere skal gå ut over andre tilbod i kommunen. Og dette skal heller ikkje fengselshelsetenesta og dei som jobbar der lide for ved at verksemda deira settast opp mot andre tenester. Ressursane der er for knappe, sjølv med kommunen sitt bidrag.

Kommunen må subsidiere Staten
Det har ikkje vore lett å få klare tal på bordet, men for nokre år sidan vart utval for oppvekst og omsorg (OPOM) orientert om at kommunen måtte inn med drøyt 300.000,- ekstra årleg til drift av fengselshelsetenesta. I 2012 fekk Bjoa bygdeliste vedteke sitt forslag i OPOM om at utgifter til fengselshelsetenesta skulle synleggjerast for politisk nivå i rekneskap og budsjett. Dette vart ikkje fulgt opp. Bygdelista fremja difor forslag med same ordlyd og fekk dette vedteke i OPOM påny før handsaminga av budsjettet for 2014.  I tillegg fekk me vedteke følgjande formulering i budsjettet sin tekstdel: Driftskostnader til helsetenester i fengselet er årleg større enn det beløp som staten refunderer. Det må arbeidast for at desse vert dekka av staten, noko som vil redusera kommunen sine utgifter.

Passiv haldning
Fine formuleringar har vi ikkje problem med å få gjennomslag for. Når det gjeld aktiv handling er det verre stilt. Målet vårt har vore å få høgaste politiske nivå ved ordføraren til å vera aktiv pådrivar med å synleggjere ubalansen mellom oppgåver og finansiering. Det hadde vore god drahjelp for administrasjonen som ikkje har fått så mykje ut av å skrive brev til Helsedirektoratet med bøn om auke i tilskottet. Me er litt skuffa over at ordføraren har vore så passiv. Han har mellom anna uttrykt bekymring for at om ein presser for hardt på for å få meir midlar så kan ein risikere at heile fengselet blir nedlagt.

Tull og tøys om nedlegging
Nedlegging av Sandeid fengsel vart diverre ein snakkis etter at Haugesunds Avis i 2012 med glede vidareformidla ein feil i Kriminalomsorga sitt høyringsforslag til kapasitetsplan. Der låg det ei gammal formulering om at bygningane i Sandeid var så dårlege at fengselet var blant dei som burde leggjast ned. Statsbygg hadde då nyleg oppgradert byggmassen i Sandeid for innpå 25 millionar! At feilen vart retta opp i det endelege forslaget til kapasitetsplan brydde ikkje Haugesunds Avis seg om å korrigere seinare – det passa for godt inn i debatten om nytt fengsel på Haugalandet dersom Sandeid såg ut til å bli lagt ned.

Fengselshelsetenesta må få meir fokus
No har jo Haugesunds Avis blitt eit lokalblad for Karmsundet, så det er ikkje så farleg. Verre er det dersom ordføraren har latt denne nedleggingsmyta ligge til hinder for å aktivt jobbe med å kaste ljos over Staten si ansvarsfraskriving når det gjeld tenestetilbod og arbeidstilhøve for fengselshelsetenesta. Bjoa bygdeliste kjem ikkje til å la denne saka kvile. Justisminister Anundsen var klår på at det skal vera vidare drift i Sandeid då han vitja fengselet for kort tid sidan. Bygdelista vonar difor at uansett kven som blir ordførar etter valet så får me drahjelp til å få eit løft for fengselshelsetenesta og samstundes styrke økonomien i kommunen.

Fengselet skal vera ein trygg arbeidsplass
Sandeid fengsel er ein stor arbeidsplass i kommunen og sysselset rundt 60 årsverk om ein reknar fengselstilsette, helseteneste, skuletilbod og andre tilliggande tenester, mellom anna ei god bibliotekteneste. Fengselet har nylig fått auka sikringsnivå frå lågt til begrensa. Det tyder at dei som kjem for å sone der ikkje kjem til å ha mindre utfordringar når det gjeld helse- og rusproblematikk for framtida. Ei helseteneste som manglar ressursar til å handtere aukande utfordringar handlar difor ikkje berre om økonomi, men like mykje om at fengselet skal vera ein trygg og god arbeidsplass for alle som har sitt daglege virke der.

Vindafjord kommune har for 2015 fått eit tilskott på 2.000.000,- for å drive fengselshelseteneste. Dette skal dekke sjukepleiarressurser (også psykiatrisk), lege og driftskostnader slik som mellom anna medisinforbruk. Tilskottet kan ikkje nyttast til innkjøp av utstyr eller investeringar – dette må kommunen uansett dekke.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.