Fokus på fylkesveg og kai i Vikebygd

Bygdelista vitja Vikebygd i dag. Meiningane var mange, men helst handla det om fylkesvegen og framtida til kaia og industriområdet på Dommersnes. Og så fekk me ein smugkikk inn i den nye idrettshallen som no har fått duken på plass.

Vikebygd synte seg frå si beste side i dag. Ikkje berre var det sol og varmt samt vaffeldag på Joker Vikebygd, men det var og mange som var interesserte i å diskutere aktuelle saker. Bygdelista hadde selskap frå Senterpartiet og Venstre utanfor butikken, og her vart det livlig diskutert både sundagsopne butikkar, tomteselskapet og moglege politiske samarbeid etter valet. Men helst var det fokus på fylkesvegen og kaia på Dommersnes.

Dårlig med plass til fleire aktørar slik kaia blir forvalta i dag. Og på høg tid med ein ryddesjau.
Dårlig med plass til fleire aktørar slik kaia blir forvalta i dag. Og på høg tid med ein ryddesjau.

Formannskapet i Vindafjord ga nyleg rådmann og ordførar fullmakt til å forhandle om sal av kaia og resten av industriområdet mellom fylkesvegen og sjøen. Bjoa bygdeliste meiner det er viktig å sjå djupvasskaia på Dommersnes i ein bygdeutviklingssamanhang. Høvet til å koma inn med store båtar er eit godt utgangspunkt for ny næringsetablering og dermed auka busetting i Vikebygd. Eventuell avtale og pris skal handsamast politisk seinare, men bygdelista er oppteken av at ein ved eit eventuelt sal ikkje må få ein situasjon der ein einskild aktør blir til hinder for den lokale næringsverksemda elles i Vik.

Vikevegen ser no ut til å kunne bli prioritert når det gjeld utbetringar. Dette er godt nytt, og på høg tid. Etter at Halsnøy fekk fastlandssamband via tunnel har ferjetrafikken over Utbjoa auka, og det er oftare turbussar og tyngre bilar å sjå gjennom Vikebygd. Slik trafikk er denne vegen ikkje laga for, så det er på høg tid at han får ein standard som harmonerar betre med bruken. Bjoa bygdelista har jobba for denne vegen i mange år, klikk her for å lese tidlegare innlegg. Skuffande er det at ikkje vegvesenet har vore meir aktive med å gjera tiltak, spesielt det som går på tryggleiken, og Vindafjord kommune har heller ikkje fulgt opp med påtrykk. Vi får berre stå på vidare.

Imponerte politikarar i den nye hallen, f.v. Ole Johan Vierdal (Sp), Rune Hetland (V), Kristian Resset (BBL) og Dominikus Bjordal (Sp).
Imponerte politikarar i den nye hallen, f.v. Ole Johan Vierdal (Sp), Rune Hetland (V), Kristian Resset (BBL) og Dominikus Bjordal (Sp).

Vikebuen kan jammen vera stolte av seg sjølv. Med lokale krefter og ressursar har hallen ved fotballplassen no kome opp. No er det mest berre grasmatte og anna innvendig arbeid som står att. Vi fekk oss ein liten kikk innom i dag, og det er imponerande kva ein har fått til på kort tid. Kanskje kan det og syne seg at ein kan få til noko bidrag utanfor bygda sjølv om dette er eit prosjekt som ikkje har kvalifisert til finansiering via tippemiddel og liknande. Godt jobba.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.