Måndag 07.09.15 er siste folkemøte før valet
Siste folkemøte med paneldebatt før valet går føre seg i Ølen kulturhus måndag 07.09.15, kl 19. Dette blir siste høve til å utfordre politikarane på dei sakene som er viktige for deg før du avgjer kven du skal stemme på. Møt opp!
Så langt har det vore halde tre opne møte før valet i Vindafjord. Kjartan Innbjo (1. kandidat) stilte for bygdelista i Skjold Arena 24. august og i næringslivsdebatten på Joakari 2. september. Kristian Resset (2. kandidat) stilte i Vikedal bygdahus 31. august. I kveld er Kjartan påny på plass for bygdelista og no vert det for siste gong høve til å høyre kva listetoppane meiner i ulike saker, og ikkje minst til å stille spørsmål frå salen.
Du som har røysterett i Vindafjord kan røyste på førehand uansett kvar du bur fram til og med fredag 11. september. Etter det er det sjølve valdagen 14. september som er siste sjanse til å påverke kva veg Vindafjord skal ta i framtida. Bruk røysteretten!